dcsimg

Panda ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Panda (Ailuropoda melanoleuca) er ein planteetande art i bjørnefamilien, kjend for den særeigne utsjånaden sin og statusen som ein truga art og eit symbol på naturvern. Pandaen lever berre vilt i Kina, der han er totalfreda og rekna som ein nasjonalheilagdom. På kinesisk er pandaen kjend som daxiongmao, 'stor bjørnekatt'. Det vitskaplege namnet Ailuropoda melanoleuca betyr svart og kvitt kattefotdyr og viser til dei katteliknande labbane til bjørnen.

Skildring

 src=
Pandaer i Wolong-reservatet i Kina.

Bjørnen er kjenneteikna av det klart teikna svarte og kvite (eller brune og gulbrune) mønsteret i pelsen. Sjølve pelsen er tjukk og grov og består av eit ytre hårlag og ei tett og isolerande underull.

Ein vaksen panda kan bli rundt 150-180 cm lang med ei skulderhøgd på rundt 76 cm i gjennomsnitt. Dei veg om lag 80-125 kg, hannen veg normalt 10-20 % meir enn binna. Han har eit stort og massivt hovud og ein tettvaksen kraftig kropp, som ender opp i ein halestubb på ca. 12-13 cm. Øyra er avrunda og står opp, og er ca. 9-10 cm lange. Pandaen har kraftige kjevar og store tenner, der molarane, som er 4-6 gonger større enn hos menneske, er spesielt godt utvikla for å gomla på planteføda til bjørnen.

Pandaen har også ein særs uvanleg labb, ein ekstra «tommel» i tillegg til dei fem tærne. Den tommelliknande utveksten er ein handleddsknokkel (sesamiodbeinet) som har utvikla seg til eit rørleg lem som gjer at pandaen lett kan handtera bambus og lauv.

Dyret har ein diagonal gangart på linje med andre bjørnar, men er mindre grasiøs i rørslene. Når han går peiker tærne innover og hovudet blir halde under skulderhøyde. Pandabjørnen kan ikkje gå oppreist på bakbeina, slik andre bjørnar gjerne kan, sjølv om han er solegjengar. Om han blir skremt vil han slå over i sakte galopp for å flykta, men springande pandaer vil ofte falla og rulla nedover dei bratte skråningane som finst i område der dei gjerne held til.

Åtferd

 src=
Panda kvilande i eit tre.

Pandabjørnen er dagaktiv og har ikkje vintersøvn, men trekk ned i lågare strøk når vinteren nærmar seg. Han bygger ikkje eit fast hi, men finn ly i eit tre eller ei hole. Pandaen held normalt til på bakken, men er også ein god klatrar og grei symjar. Luktesansen er den viktigaste og best utvikla sansen til pandaen, og blir nytta til å finna mat og til å kommunisera med.

Kjempepanda lever som regel åleine utan direkte kontakt med andre bjørnar. På den andre sida overlappar ofte revira til pandaer kvarandre, slik at det er truleg at nabopandaer kjenner til kvarandre, om dei ikkje har fysisk kontakt. I fangenskap kan fleire pandaer leva tett saman på eit lite område, men vil normalt ikkje sosialisera gjennom fysisk kontakt. I staden sit dei kvar for seg og et bambusskot eller gjer noko anna. I paringstida kan pandaene halda saman i større gruppe, typisk ei binne og fleire hannar.

Habitat og utbreiing

 src=
Distribusjon i Sentral-Kina

Pandabjørn held berre til i område der det veks tett bambusskog, i høgder mellom 1 200- .400 moh. Desse fjellskogane blir gjerne kalla tåkeskog og ligg i det sentrale Kina, i delar av provinsane Sichuan, Gansu og Shaanxi, der dei dekker ei flatevidd på rundt 29 500 km². Sjølve habitatet der pandaen lever er derimot avgrensa til ca. 5 900 km² og er delt opp i omkring 20 isolerte soner. Avskoging, beiting og oppdyrking har gjort leveområda stadig mindre. Dei kinesiske styresmaktene har sett i gang fleire tiltak for å redda pandaen i det naturlege miljøet sitt.

I dag (2004) reknar ein med at det lever rundt 1 600[1] ville pandaer i Kina, omkring 40 % meir enn det ein tidlegare hadde rekna med. Dette blei avdekt av ei kinesisk fireårig studie.

Reproduksjon

 src=
Nyfødd panda i kuvøse.

Pandaen lever åleine i eit lauseleg revirsystem, der fleire hannar kan dekka reviret til ei binne. Binna har brunst ein gong årleg, i ein periode på 2-3 dagar mellom mars og mai. Ho gjev beskjed om dette ved å laga fleire lydar og gjennom sterke luktmarkeringar. To til fem hannar tevlar om å få para seg med binna, der hannen med den høgaste rangen når fram. For at det skal bli valpar må også hannen vera i brunst, noko som ikkje alltid er tilfellet. Dette er ein viktig grunn til den låge reproduksjonsraten til pandaene.

Binna går drektig i 97-181 dagar, med ei gjennomsnittleg tid på rundt 135 dagar. Pandabjørnar kan utsetja graviditeten (embryonisk diapause), normalt med ca. 1,5-4 månader. Binna føder som regel ein eller to ungar, men om ho får to vil ho ofte forlata ein av dei etter fødselen for betre å kunna ta seg av den andre.

Ungane veg normalt 85-140 gram ved fødselen og er blinde og hjelpelause dei første vekene, då dei gjerne diar opptil 14 gonger i døgnet. Eit måltid kan vara i opp mot ein halvtime. Ulikt andre nyfødde bjørneungar er pandaungane dekte av eit tynt pelslag. Auga opnar seg vanlegvis når dei er rundt tre veker gamle, og dei tek til å bevega seg rundt når dei er rundt 3-4 månader. Ungen blir gjerne avvant når han er rundt 46 veker, men forlet ikkje mora før han er rundt 18 månader gammal.

Kjempepandaer blir kjønnsmodne mellom 4- og 8-årsalderen. Dei kan bli opp mot 30 år gamle i fangenskap, men me veit lite om levealderen i vill tilstand.

Matvanar

 src=
Panda i dyrehagen i Wien.

Sjølv om han er eit rovdyr et pandaen hovudsakleg plantekost. Opptil 99 % av kosthaldet kan vera friske bambusskot, som det finst 25-30 artar av som pandaen kan eta. Han et også knollar av iris og krokus, og ved nokre høve også sopp, friske skot frå ulike slyngplantar, risgras, egg, insekt, pipehare, fisk og smågnagarar. Dette gjev eit verdifullt proteintilskot i eit ellers einsidig kosthald. I fangenskap et pandabjørnar også frukt. Alt i alt tek pandaen normalt til seg rundt 9-18 kg føde dagleg, og bruker gjerne 10-16 timar med å eta kvart døgn. Sidan fordøyingssystemet til pandaen framleis er det til eit rovdyr, blir 87-88 % av dette ufordøygd.

Det meste av væska panadaen treng får han i seg gjennom bambusskot, som i snitt inneheld rundt 50 % vatn, opp mot 90 % i nye skot. Pandaen treng også tilskot av reint vatn, og vil derfor søka mot elvar og bekkefar for å drikka når han treng det, som regel ein gong til dagen.

Evolusjon og systematikk

  • Familie: Ursidae (bjørnar)
    • Underfamilie: Ailurinae (pandabjørnar)
      • Slekt: Ailuropoda (kjempepandaer)
        • Art: Ailuropoda melanoleuca (kjempepanda)
          • Underart: Ailuropoda melanoleuca melanoleuca (sichuanpanda)
          • Underart: Ailuropoda melanoleuca qinlingensis (shaanxipanda)
    • Underfamilie: Ursinae (ekte bjørnar)
 src=
Sichuan-panda
 src=
Shaanxi-panda

Alle rovdyr stammar frå ei gruppe rovdyrliknande pattedyr me kallar miacidar, som oppstod for rundt 48 millionar år sidan. Forskarar meiner at kjempepandaen kan ha oppstått for 18-22 millionar år sidan, som den eldste av våre nålevande bjørneartar, truleg frå ein primitiv pandabjørn kjent under det vitskaplege namnet Ailuropoda microta.

Pandabjørnen høyrer til ein egen underfamilie i bjørnefamilien (Ursidae), som består av Ursinae, underfamilien til alle nålevande bjørneartar bortsett frå pandaen, og Ailurinae, der Ailuropoda er einaste slekt og kjempepanda den einaste nålevande arten.

Kjempepanda har mange trekk til felles med raud panda: Same type habitat, eit liknande bambuskosthald bambus og den falske tommelen som gjer at dei kan eta bambus. Det var lenge strid om kor nært i slekt desse to pandatypane var, men dei nyaste DNA-studia viste at forfedrane deira skilte lag for lenge sidan, og at raud panda ikkje høyrer til bjørnefamilien medan kjempepanda gjer det. Den næraste nolevande slektningen til kjempepanda er den søramerikanske brillebjørnen.

Det er skildra to underartar av kjempepanda, med bakgrunn i forskjellar i kraniumstorleik, fargar og arvemateriale.

Sichuan-panda (Ailuropoda melanoleuca melanoleuca) er den best bevarte populasjonen av kjempepandaer, og kanskje den folk flest tenker på når ein snakkar om panda. Denne underarten er typisk skarpt svart og kvit i fargane. Han finst først og fremst i Sichuan-provinsen og dei sørlege delane av Gansu-provinsen.

Shaanxi-panda (Ailuropoda melanoleuca qinlingensis) lever avgrensa til Qinlingfjella i Shaanxi-provinsen og finst i høgder mellom 1 300 og 3 000 moh. Denne typen er mørkebrun og lysebrun i fargane. Han er generelt mindre enn sichuanpandaen og har eit mindre kranium, men har større molarar i kjeven.

Panda og menneske

 src=
Søt, «vinkande» panda i San Diego Zoo.
Foto: Gregg O'Connell

Dei eldste nedteikningane om pandaen kjem frå frå Zhou-dynastiet (1027-771 f.Kr.), der dyret pixiu blir skildra som «uovervinneleg og like sterk som ein tiger». Diktsamlinga Shijin frå om lag same tida har ei liknande skildring.

Pandabjørnen var seinare svært skatta i Kina. Keisarmora til Wen av Han blei gravlagd saman med ein pandaskalle. Keisar Taizong av Tang skal ha gjeve to pandar og eit pandaskinn til Japan som eit teikn på vennskap. I moderne tid har Folkerepublikken Kina nytta eit såkalla «panda-diplomati» for å mjuka opp sambandet til andre land. Kommuniststaten knytte kontakt internasjonalt gjennom å gje pandaer i gåve. Frå 1958 til 1982 blei 23 pandaer delte ut til ulike land. Størst omtale fekk eit pandapar som formann Mao overrekte president Nixon då denne vitja Kina i 1972, som den første USA-amerikanske presidenten. Etter 1984 blei pandaene ikkje lenger gjevne, men lånte ut i tiårsperiodar, med høge avgifter og krav om at dei ungane pandaene måtte føda skulle høyra til Kina. I 2005 tilbaud Kina Taiwan eit pandapar med namna Tuan-Tuan og Yuan-Yuan, som samla tyder 'sameining'. Gåva blei lenge avslått, og pandaene er framleis i Kina.[2]

Kjempepandaen er i dag ein svært utryddingstruga art. Han har sterk symbolverdi, og er nytta i logoen til naturvernsorganisasjonen WWF. Pandaen er ein megafauna-art som har utsjånaden med seg, der dei store augeflekkane og den avrunda, godslege kroppsforma gjeven av den tjukke pelsen gjer han til eit søtt og elska dyr. Samstundes blir pandaen sett på som svært lite trugande der han sit og gomlar bambus. At pandaen også jakter litt, og kan gå til åtak på menneske om han kjenner seg truga, er mindre kjent.

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Panda
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Panda: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Panda (Ailuropoda melanoleuca) er ein planteetande art i bjørnefamilien, kjend for den særeigne utsjånaden sin og statusen som ein truga art og eit symbol på naturvern. Pandaen lever berre vilt i Kina, der han er totalfreda og rekna som ein nasjonalheilagdom. På kinesisk er pandaen kjend som daxiongmao, 'stor bjørnekatt'. Det vitskaplege namnet Ailuropoda melanoleuca betyr svart og kvitt kattefotdyr og viser til dei katteliknande labbane til bjørnen.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Panda ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Denne artikkelen omhandler dyret. For bilmodellen, se Fiat Panda.

Panda (Ailuropoda melanoleuca), kalles også pandabjørn og kjempepanda, og er en bjørn som utelukkende lever i Kina, der den er totalfredet og av mange regnes som en nasjonalhelligdom. Pandaen er også et viktig symbol for naturvernere verden rundt, og inngår som sådan i logoen til Worldwide Fund for Nature. Dyret er blitt gitt mange navn opp gjennom kinesisk historie; i dag er 大熊貓 (Dà xióngmāo, «Stor bjørnekatt») det vanligste kinesiske navnet. Det vitenskapelige navnet Ailuropoda melanoleuca betyr sort og hvitt kattefotdyr og henleder til de kattelignende labbene denne bjørnen har. Pandabjørnen er kjærlig og beskyttende rundt sin familie. De er en god del sterkere enn de ser ut, og på grunn av sine skarpe store tenner (se lenger ned) kan de gjøre stor skade om de blir aggressive.

Utbredelse og habitat

Pandabjørnen er endemisk for fjellskogene i Folkerepublikken Kina og finnes utelukkende der det vokser tett bambusskog, i høyder mellom 1 200-3 400 moh. Disse fjellskogene kalles gjerne tåkeskoger og ligger i det sentrale Kina, i et område som omfatter omkring 29 500 km² og der deler av provinsene Sichuan, Gansu og Shaanxi inngår.

Arealet der pandaen lever begrenser seg til ca. 5 900 km² og er delt opp i omkring 20 isolerte soner, som sterkt begrenser dyras muligheter. Området har dessuten vært under sterkt press og har mistet størrelse, som følge av avskoging, beiting og oppdyrking til landbruksarealer. Kinesiske myndigheter har imidlertid gjort flere drastiske tiltak for å redde pandaen i sitt naturlige habitat.

Evolusjon og systematikk

Alle rovpattedyr nedstammer fra såkalte miacider, en gruppe rovpattedyrlignende pattedyr som oppsto for omkring 48 millioner år siden. Forskerne mener at kjempepandaen er den eldste av våre nålevende bjørnearter og kan ha oppstått for omkring 18-22 millioner år siden, trolig fra en for lengst utdødd primitiv pandabjørn kjent under det vitenskapelige navnet Ailuropoda microta. Pandabjørnen tilhører en egen underfamilie i bjørnefamilien (Ursidae), som består av Ailurinae, der Ailuropoda er eneste slekt og kjempepanda eneste nålevende art, og Ursinae, underfamilien alle andre nålevende bjørnearter befinner seg i.

Det er beskrevet to underarter av pandabjørn, med bakgrunn i forskjeller i kraniets størrelse, farger og genetiske forskjeller.[2]

Systematikk:[3]

  • Ursidae (bjørner)
    • Ursinae (ekte bjørner)
      • Ailuropodini (pandabjørner)
        • Ailuropoda (kjempepandaer)
      • Ursavini (†)
      • Ursini (bjørner)

Beskrivelse

Det første man kjenner til om kjempepandaen fra skriftlige kilder stammer fra Zhou-dynastiets tid (1027-771 f.Kr.), der den under det alternative navnet pixiu blir beskrevet som «uovervinnelig og like sterk som en tiger». En lignende beskrivelse finner man også i diktsamlingen Shijing, som også skriver seg fra den kinesiske oldtid.

Vitenskapelig ble kjempepanda først beskrevet i 1869, av den franske misjonæren Père Armand David. Han mottok en pels av dyret fra en jeger den 11. mars 1869.[4] Men den første vestlige forskeren som kunne studere en levende kjempepanda var den tyske zoologen Hugo Weigold, som kjøpte en pandaunge i 1916.[trenger referanse]

Dyret er i dag en meget utryddingstruet art og har sterk symbolverdi, som bl.a. benyttes av WWF. Den ble også aktivt benyttet av kineserne for å myke opp forbindelsen med vesten på 1970-tallet.

Det mest karakteristiske med pandabjørnen er den sorte og hvite (brune og gulbrune) pelsen, som er tykk og grov. Den gir bjørnen et godslig uttrykk. Pelsen består av et ytre hårlag og en tett og isolerende underull. En voksen panda kan imidlertid bli omkring 150-180 cm lang og veie ca. 80-125 kg. Hannen veier normalt 10-20% mer enn binna. Pandaen har også en høyst uvanlig labb som også har gitt den det vitenskapelige navnet. Labben har en tommelfingerlignende utvekst og fem tær. Den «ekstra» tommelfingeren er fleksibel og i virkeligheten en modifisert håndleddsknokkel (sesamiodbeinet). Tommelen gjør pandaen i stand til å håndtere bambus og løv med stor fleksibilitet. Også rød panda har denne spesielle falske tommelen.

Sichuanpanda (Ailuropoda melanoleuca melanoleuca) er den best bevarte populasjonen av kjempepandaer, og kanskje den folk flest tenker på når man snakker om pandabjørner. Denne underarten finnes først og fremst i Sichuanprovinsen og de søndre delene av Gansuprovinsen. Den er typisk skarpt sort og hvit i fargene.

Shaanxipanda (Ailuropoda melanoleuca qinlingensis) lever avgrenset til Qinlingfjellene i Shaanxiprovinsen og finnes i høyder mellom 1 300 og 3 000 moh. Den er snarere mørk brun og lys brun i fargene og er generelt mindre. Den har også et mindre kranium, men større jeksler i kjeven.

Pandabjørnen kan ikke gå oppreist på bakbeina, slik andre bjørner gjerne kan, selv om den er sålegjenger. Den har et stort og massivt hode og en tettvokst kraftig kropp, som ender opp i en halestubb på ca. 12-13 cm. Runde stående ører på ca. 9-10 cm. Kraftige kjever og store tenner, der jekslene, som er 4-6 ganger større enn hos mennesker, er spesielt godt utviklet med tanke på den planteføden denne bjørnen helst spiser. Skulderhøyden er i gjennomsnitt ca. 76 cm.

Pandaen har en diagonal gangart på linje med andre bjørner, men den er mindre grasiøs i sine bevegelser. Når den går peker tærne innover og hodet holdes under skulderhøyde. Om den skremmes vil den slå over i sakte galopp for å slippe unna farer, men pandaer som galopperer eller løper fort vil ofte falle og rulle nedover de bratte skråningene der disse dyra normalt ferdes.

Atferd

Kjempepandaer er ensomme dyr atferdsmessig, som for det meste unngår direkte kontakt med andre pandabjørner utenom parringstiden. En ny studie viser imidlertid at revirene ofte overlapper hverandre, og man tenker seg derfor at pandabjørnen kanskje ikke lever like isolert som man hittil har trodd. Forskerne antyder at de forskjellige bjørnene trolig kjenner sine naboer, både gjennom visuell kontakt, luktmarkeringer og kanskje også en og annen nærkontakt, om enn kanskje ikke fysisk kontakt.

 src=
Panda hvilende i et tre

Dette støttes forsåvidt også av de observasjoner som er gjort av dyr som lever i fangenskap. Der kan flere pandabjørner leve tett sammen på et lite område, men de vil normalt ikke sosialisere gjennom fysisk kontakt. I stedet setter de seg gjerne ned hver for seg og spiser på sine bambusskudd eller holder på med noe annet. I parringstiden er det observert at pandabjørner kommer sammen i større grupper, som gjerne består av ei binne og flere hanner.

Pandabjørnen er dagaktiv og har ikke vintersøvn, men trekker ned i lavere strøk når vinteren nærmer seg. Den vil ikke bygge et permanet hi, men ta tilflukt i et tre eller ei hule i nærheten. Pandaen er normalt terrestrial, men den er en god klatrer og også en habil svømmer.

Reproduksjon

 src=
Nyfødt panda i kuvøse

I 2004 regner man med at det levde omkring 1.600[5][6] ville pandaer i Kina, noe som er omkring 40% flere enn tidligere antatt. Dette ble nylig avdekket av kinesiske myndigheter, etter en fire år lang studie.

Kjempepandaen kan bli opp mot 30 år gamle i fangenskap, men man vet lite om levealderen i vill tilstand. Denne bjørnen lever i ensomhet (den er solitær) i et løselig revirsystem, der flere hanner kan dekke en binnes revir og konkurrere om å få tilgang til henne i paringstiden.

Når brunsttiden nærmer seg vil binna øke intensiteten i sine markeringer og også bli mer vokal i sin uttrykksform, slik at hannene i nærheten skal skjønne at tiden nærmer seg. Parringstiden er normalt i tidsrommet mars-mai. I brunsten er binna normalt mindre aktiv, men gjerne humørsyk. For at det skal bli valper må binnas løpetid falle sammen med hannens brunsttid, noe som ikke alltid skjer. Binna vil som regel også bare stå i ca. 1-3 dager, noe som gjør reproduksjonen enda vanskeligere. Dette er en viktig årsak til den lave reproduksjonstakten hos pandabjørner.

Drektighetstiden varierer fra 97-181 dager, men er i gjennomsnitt ca. 135 dager. Også pandabjørner kan utsette graviditeten (embryonisk diapause), normalt med ca. 1,5-4 måneder. Binna føder som regel 1-2 unger.[7] Ungen(e) veier normalt 85-140 gram ved fødselen og er blinde og hjelpeløse de første ukene, da de gjerne dier opptil 14 ganger i døgnet. Et måtid kan vare i opp mot 30 minutter. Ulikt andre nyfødte bjørnunger er gjerne pandaungene dekket av et tynt lag med pels. Øynene åpner seg vanligvis når den er omkring 3 uker gamle, og de begynner å bevege seg rundt når de er omkring 3-4 måneder. Ungene avvennes gjerne når de er omkring 46 uker, men de vil ikke forlate mora før de er omkring 18 måneder.

Matvaner

 src=
Panda

Selv om den er et rovpattedyr spiser pandaen mest planteføde. Friske bambusskudd, som det finnes 25-30 arter av som pandaen spiser, kan utgjøre opp mot 99% av kostholdet, men den spiser også knoller av iris og krokus, og av og til også sopp, friske skudd fra ulike slyngplanter, risgress, egg, insekter, pipehare, fisk og smågnagere. Dette gir et verdifullt proteintilskudd i et ellers ensidig kosthold. I fangenskap spiser også pandabjørner frukt. Alt i alt spiser pandaen normalt omkring 9-18 kg føde hver dag, og den tilbringer gjerne 10-16 timer i døgnet med å spise. Vegetabilsk føde er imidlertid ikke lett å fordøye for et rovpattedyr, så 87-88% av det forblir ufordøyd og uutnyttet.

Det meste av det vannet pandaen trenger får den i seg gjennom bambusskudd, som i snitt inneholder ca. 50% vann. Nye skudd kan inneholde så mye som 90% vann. Pandaer trenger imidlertid også tilskudd av rent vann, noe det er nok av i de strøk denne bjørnen ferdes. Ved behov, som regel en gang om dagen, vil den derfor søke mot elver og bekkefar for å drikke, for som alle andre bjørnearter trives også pandabjørnen best når det finnes nærhet til vann.

Luktesansen er pandaens viktigste sans, en sans den aktivt benytter for å finne mat og til å kommunisere med. Luktesansen er da også høyt utviklet hos pandabjørner.

Annet

I Europa kan man se panda bl.a. i dyreparkene i Berlin, Madrid, Paris, Edinburgh og Wien.

Referanser

  1. ^ Lü, Z, Wang, D. & Garshelis, D.L. 2008. Ailuropoda melanoleuca. In: IUCN 2011. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2011.2.. Besøkt 2012-03-11.
  2. ^ Wan, Q. H., Wu, H. and Fang, S. G. 2005. A new subspecies of giant panda (Ailuropoda melanoleuca) from Shaanxi, China. Journal of Mammalogy 86: 397-402.
  3. ^ C. Jin, R. L. Ciochon, W. Dong, R. M. Hunt, Jr., J. Liu, M. Jaeger, and Q. Zhu. 2007. The first skull of the earliest giant panda. Proceedings of the National Academy of Sciences 104:10932-10937
  4. ^ "Giant Panda". Encyclopædia Britannica Online. 2010.
  5. ^ Flere kjempepandaer funnet i Kina (Forskning.no) Arkivert 2006-06-04, hos Wayback Machine.
  6. ^ Big jump in giant panda numbers revealed (NewScientist.com)
  7. ^ Milius, 2001

Litteratur

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Panda: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Denne artikkelen omhandler dyret. For bilmodellen, se Fiat Panda.

Panda (Ailuropoda melanoleuca), kalles også pandabjørn og kjempepanda, og er en bjørn som utelukkende lever i Kina, der den er totalfredet og av mange regnes som en nasjonalhelligdom. Pandaen er også et viktig symbol for naturvernere verden rundt, og inngår som sådan i logoen til Worldwide Fund for Nature. Dyret er blitt gitt mange navn opp gjennom kinesisk historie; i dag er 大熊貓 (Dà xióngmāo, «Stor bjørnekatt») det vanligste kinesiske navnet. Det vitenskapelige navnet Ailuropoda melanoleuca betyr sort og hvitt kattefotdyr og henleder til de kattelignende labbene denne bjørnen har. Pandabjørnen er kjærlig og beskyttende rundt sin familie. De er en god del sterkere enn de ser ut, og på grunn av sine skarpe store tenner (se lenger ned) kan de gjøre stor skade om de blir aggressive.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO