dcsimg

Storspove ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Storspove (Numenius arquata) er ein art frå snipefamilien.

Kjenneteikn

Storspova er om lag 50 – 60 cm lang, og av dette utgjer nebbet om lag 25%. Ho veg om lag 750 g. Kjønna er ganske like i utsjånaden, med mørkebrune flekkar med jamt grå- og gulkvite, og ho manglar småspovas lyse issestripe. Ho har elles eit karakteristisk, flytande fluktspel om våren som vert avslutta med rullande, kraftig trille. I hekketida høyrest av og til frå bakken ein meir langtekkeleg, sørgmodig flytetone. Storspova er vår største vadar, om lag like stor som sildemåsen. Hannen er noko mindre enn hoa, elles er kjønna like. Den kraftige, krumme nebben er karakteristisk. Vaksenfuglen veg 500-900 gram og er om lag 27 cm lang. Låten deira er lett å kjenne igjen og kan lett etterliknast(lokkjakt). Ved ringmerking har ein funne at storspova kan verte over 10 år.[1]

Forplanting

Hannen gjer krav på store territorium etter ankomsten til hekkplassen. Hoa held seg til same partner, og begge kjønna deltek i ruginga av dei fire egga. Dei blir ruga på i 4 veker. Med eitt kyllingane er klekte reiser hoa og hannen vert att hjå ungane. Som med dei fleste strandfuglane forlet ungane reiret straks dei er tørre, men dei flyg fyrst etter 5-6 veker etter. Det er hannen som passar mest på fugle-ungane.

 src=
Storspoveegg

Næring

Næringa varierer mykje med årstida. Storspova lever mest av insekt, meitemark og sniglar, medan ho på kysten leitar etter næring i fjøresona. Småkryp som børstemarkar og muslingar ligg oftast like under overflata. Ho beitar også på små dyr som lever på overflata som skjel og sandreker. Storspova tek òg smågnagarar og er observert som «mattjuv».

Trekkfugl

Storspova er ein trekkfugl, som når norskekysten i mars. Dei vaksne hofuglane forlet Noreg allereie i juni, medan hannen vert att til ungane kan klare seg sjølve. Skandinaviske storspovar overvintrar på dei britiske øyar, men kan også overvintre i Danmark og vidare sørover til Nederland.

Forvekslingsart

Storspove kan berre forvekslast med småspova.

Føde

Storspova føretrekkjer animalsk kost, som insekt, børsteorm og mindre krepsdyr. Om hausten et ho også ein del bær.

Utbreiing

Storspova trivst best i vide, opne landskap. Ho vert ofte rekna som kulturlandskapets fugl, men ho trivst også på lyngheiar, myrar og strandenger som er udyrka. Arten har breidd seg ut langs dei indre dalføra i det siste hundreåret, og ho hekkar no heilt inn til svenskegrensa. Men denne spreiinga har no nesten stoppa heilt opp. Storspova hekkar langs heile kysten frå Lista og nordover, der ho helst oppheld seg på flate øyar og strandkantar, men og på dyrka mark og store, opne myrstrekk. Truleg hekkar det om lag fem- til ti tusen par årleg i Noreg. Moderne jordbruk og jakt har ført til tilbakegang for arten. Det er for tida ikkje fastsett jakttid på storpove.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Storspove

Kjelder

  1. Norsk RingmerkingsAtlas
лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Storspove: Brief Summary ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Storspove (Numenius arquata) er ein art frå snipefamilien.

лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Storspove ( норвешки )

добавил wikipedia NO
 src=
Numenius arquata

Storspove (Numenius arquata) er en fjæretilknyttet fugleart i snipefamilien, og det lange nebbet egner seg til å finne småkryp i sanden med. Arten regnes som en kortdistansetrekkfugl

Storspove blir cirka 48–57 cm lang og har et nebb som utgjør omkring 9–15 cm.

Hekking

Den legger ca. 4 egg. Rugetiden varer i 27–29 dager. Den hekker over det meste av Sverige og Finland, i Norge langs kysten fra Sørlandet til Finnmark.

Trekk og overvintring

Den overvintrer i Vest- og Sør-Europa, en del fugler tilbringer vinteren langs vestkysten nord til Danmark.

Føde og levemåter

Den tar insekter, snegler og meitemarker. Den leter etter føde på enger og marker, som regel på mudderflater. Storspoven er en svært sky og vaktsom fugl.

Referanser

  1. ^ «Artsdatabankens artsopplysninger». Artsdatabanken. 18. november 2015. Besøkt 24. januar 2019.

Eksterne lenker

лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia forfattere og redaktører
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NO

Storspove: Brief Summary ( норвешки )

добавил wikipedia NO
 src= Numenius arquata

Storspove (Numenius arquata) er en fjæretilknyttet fugleart i snipefamilien, og det lange nebbet egner seg til å finne småkryp i sanden med. Arten regnes som en kortdistansetrekkfugl

Storspove blir cirka 48–57 cm lang og har et nebb som utgjør omkring 9–15 cm.

лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia forfattere og redaktører
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NO