dcsimg

Kongealbatross ( norvégien )

fourni par wikipedia NN

Kongealbatross, Diomedea epomophora, er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien. Med eit gjennomsnittleg vengespenn på rundt 3 meter, er dette den nest største albatrossen, berre vandrealbatrossen er større.

Clementslista, versjon 6,6 av august 2011, listar to underartar, nominatforma D. e. epomophora og D. e. sanfordi.[1] BirdLife International,[2][3] og andre, har lista desse opp som to artar, høvesvis ein sørleg og ein nordleg kongealbatrossart.

Skildring

Kongealbatross har ei lengd på 112-123 cm. Vengespennet er frå 2,70 til 3,51 meter. Vandrealbatrossen overgår denne arten både i maksimal og gjennomsnittleg storleik, men storleik kan ikkje brukast til å skilje mellom artane. Det meste av fuglen er kvit, med mørkebrun overside av vengene. Men graden av mørke område varierer med alder, underart og kjønn. Nebbet har rosa farge med svart langs kanten av den øvre kjeven, og beina er kjøtfarga. Det er vanskeleg å skilje dei to underartane, men den nordlege, epomophora er mørkast på oversida av vengene. Den gjennomsnittlege levealderen er 42,3 år.[2]

Utbreiing

Begge underartane hekkar på øyar på New Zealand. Fuglar som ikkje hekkar gjer sirkumpolare reiser i Sørishavet.

D. e. epomophora (sør): Nær alle fuglar, 99 %, hekkar på Campbelløya, New Zealand, og nokre få par på øyar i Aucklandøyane, populasjonen er estimert til totalt 7 800 hekkande par. [2]

D. e. sanfordi (nord): Chathamøyane vest for New Zealand er hekkeplass for 99 % av alle para, populasjonen er estimert til 6 500-7 000 hekkande par.[3]

Kjelder

Referansar

  1. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012
  2. 2,0 2,1 2,2 BirdLife International (2012) Species factsheet: Diomedea epomophora. Henta frå http://www.birdlife.org on 15. april 2012
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2012) Species factsheet: Diomedea sanfordi. Henta frå http://www.birdlife.org on 15. april 2012

Bakgrunnsstoff

licence
cc-by-sa-3.0
droit d’auteur
Wikipedia authors and editors
original
visiter la source
site partenaire
wikipedia NN

Kongealbatross: Brief Summary ( norvégien )

fourni par wikipedia NN

Kongealbatross, Diomedea epomophora, er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien. Med eit gjennomsnittleg vengespenn på rundt 3 meter, er dette den nest største albatrossen, berre vandrealbatrossen er større.

Clementslista, versjon 6,6 av august 2011, listar to underartar, nominatforma D. e. epomophora og D. e. sanfordi. BirdLife International, og andre, har lista desse opp som to artar, høvesvis ein sørleg og ein nordleg kongealbatrossart.

licence
cc-by-sa-3.0
droit d’auteur
Wikipedia authors and editors
original
visiter la source
site partenaire
wikipedia NN