dcsimg

Svartbrynalbatross ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NN

Svartbrynalbatross (Thalassarche melanophris) er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien med sirkumpolar utbreiing på sørlege hav. Clementslista listar to underartar, underarten Thalassarche melanophris impavida i tillegg til nominatforma.[1] Andre reknar T. impavida som ein sjølvstendig art, engelsk namn 'Campbell albatross' etter hekkeområdet Campbelløyane.

Skildring

 src=
Egg av svartbrynalbatross

Svartbrynalbatrossen er ein mellomstor albatross, med ei kroppslengd på 80-95 cm, vengespenn på 200-240 cm og ei snittvekt på 2.9-4.7 kg.[2] Han kan ha ei levetid på over 70 år. Heile kroppen og hovudet er kvitt med eit svart triangelforma felt rundt auga, oversida av vengene er i grått til svart og halen er mørk grå. Undervengene er hovudsakleg kvite med breie, uregelmessige, svarte kantar. Han har guloransje nebb med ein mørkare, raudoransje tupp. Ungfuglane har mørke hornfarga nebb med mørk tupp, og grått hovud og krage. Dei har òg mørke undervenger.

Karakteristiske trekk som skil svartbrynalbatrossen frå andre Thalassarche-albatrossar er det mørke feltet over augo som gjev han namnet, og dei breie svarte kantane mot den kvite undersida av vengene, kvitt hovud og oransje nebb, mørkare mot tuppen. Dei liknar på gråhovudalbatrossane, men sistnemnde har heilt mørkt nebb og meir komplette, mørke markeringar på hovudet.

Utbreiing og vern

Svartbrynalbatrossar lever sirkumpolart på sørlege hav. Den største hekkekolonien finn ein på Falklandsøyane, vidare finst store koloniar på Sør-Georgia og fleire chilenske øyar i Drakesundet. Dei hekkar dessutan på øyar ved New Zealand og i sørlege Indiahavet. Bestanden er estimert til totalt 1,2 millionar vaksne (2010) kjønnsmodne individ, og han er minkande.

IUCN klassifiserer denne arten som truga på grunn drastisk reduksjon i populasjonen. Til dømes hadde Bird Island ved Sør-Georgia årleg 4 % nedgang av hekkande par, og på øya Kerguelen 17 % i perioden 1979-1995. Den totale situasjonen gjev grunn for otte, med ein 67 % nedgang over 64 år på Falklandsøyane, Sør-Georgia og Kerguelen.

Auka linefiske på dei sørlege hava, spesielt rundt Patagonia og Sør-Georgia, er rekna som ei viktig årsak til nedgangen. Faktisk er svartbrynalbatross den fuglearten som er hardast ramma av fiskeria. Trålfiske, spesielt rundt Patagonia og i nærleiken av Sør-Afrika er òg ei viktig årsak.

I Nord-Atlanteren

Eit eller fleire individ har vore observert i Nord-Atlanteren frå 1967,[3] og det finst fleire observasjonar av arten langs norskekysten,[4] til dømes to individ utanfor Myken i 2004.[5]

Kjelder

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012
  2. Arata, J.; Robertson, G.; Valencia, J.; Lawton, K (2003). «The Evangelistas Islets, Chile: a new breeding site for black-browed albatrosses». Polar Biology (26): 687–690.
  3. BBC News, 2007 No romance for lovesick albatross Henta 26. mai 2012
  4. Norsk Ornitologisk Forening Publikasjoner fra NSKF Henta 26. mai 2012
  5. NOF, NSKF, 2004 Sjeldne fugler i Norge i 2004 Henta 26. mai 2012

Bakgrunnsstoff

ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia authors and editors
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NN

Svartbrynalbatross: Brief Summary ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NN

Svartbrynalbatross (Thalassarche melanophris) er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien med sirkumpolar utbreiing på sørlege hav. Clementslista listar to underartar, underarten Thalassarche melanophris impavida i tillegg til nominatforma. Andre reknar T. impavida som ein sjølvstendig art, engelsk namn 'Campbell albatross' etter hekkeområdet Campbelløyane.

ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia authors and editors
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NN

Svartbrynalbatross ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NO
 src=
Thalassarche melanophris

Svartbrynalbatross (Thalassarche melanophris) er en stormfugl som er oppført som en sterkt truet art på IUCNs rødliste.

Svartbrynalbatross har Falklandsøyene som sitt viktigste hekkeområde. Fra 1995 til 2000 sank bestanden her fra 468 000 til 382 000 par, noe som antas å ha sammenheng med fiskeriaktiviteten i området.[1]

Referanser

Eksterne lenker

ornitologistubbDenne ornitologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia forfattere og redaktører
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NO

Svartbrynalbatross: Brief Summary ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NO
 src= Thalassarche melanophris

Svartbrynalbatross (Thalassarche melanophris) er en stormfugl som er oppført som en sterkt truet art på IUCNs rødliste.

Svartbrynalbatross har Falklandsøyene som sitt viktigste hekkeområde. Fra 1995 til 2000 sank bestanden her fra 468 000 til 382 000 par, noe som antas å ha sammenheng med fiskeriaktiviteten i området.

ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia forfattere og redaktører
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NO