dcsimg

Karpe ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Karpa er ein ferskvassfisk i karpefamilien. Ho kjem opphavleg frå Sentral-Asia, men har vorte innført til nesten heile verda. I nyare tid er den japanske varianten koi vorte populær som hagefisk.

Kjenneteikn

Karpa er vanlegvis 75-80 cm lang med ei vekt på 8-10 kg, men eksemplar på 120 cm med ei vekt på nesten 40 kg har førekome. Ho har store skjel og er som regel blågrå langs ryggen, brun til grøn på sidene og gul på buken. I munnvikene har ho store skjeggtråder som vert nytta ved matsøk.

Sidan karpene har vore objekt for avl og oppdrett så lenge, veit me lite om korleis dei opphavleg såg ut. Me veit likevel at dei ville eksemplara er mindre, vanlegvis om lag 20-30 % av storleiken til dei framedla slektningane sine.

Karpa kan bli 20-25 år i vill tilstand. Alderen kan bestemmast ut frå skjela; som får ein ring for kvart gyteår.

Levesett

Miljø

Karpene likar seg best i små grupper på grunt, stilleståande vatn med mudder- eller gjørmebotn og mykje plantevekst, men dei finst òg i djupe elver med mykje straum. Karpa tolar temperaturar frå 3 til 35 °C, og er såleis ein særs tilpassingsdyktig og hardfør art. Ho har difor vore mellom dei første fiskane det vart drive oppdrett av.

Maten sin finn karpa på botnen med skjeggtrådene sine. Ho et særleg makk, insektlarver og krepsdyr som ho finn i mudderet, men òg sniglar, ferskvassmuslingar, symjande insekt og nokre planteartar går ned. Stundom leitar ho i tillegg etter mat i overflateområdet. Her et ho som regel insekt, men òg mat menneske kastar ut til ho.

Formeiring

Karpa gyt om forsommaren, helst på oversymd grasmark. Egga vert klistra til vegetasjonen i klumpar, og vert klekte etter 3-4 døger ved 18 °C. Ei stor ho kan produsera opp til 2 millionar egg.

Yngelen lever på grunnare vatn enn dei vaksne fiskane. Dette kan koma godt med, sidan vaksne karper gjerne kan finna på å eta sine eigne ungar.

Karpa og mennesket

Karpa er sannsynlegvis den eldste oppdrettsfisken menneske har avla fram. Ho høyrer naturleg heime i Kina og Japan, men allereie i år 500 fvt vert ho omtalt av Aristoteles. Karpefisk vart derimot ikkje vanleg i Europa før i mellomalderen, då dei vart innført i store mengder.

Særleg i Japan har karpa vorte avla målretta som prydfisk lenge. Den vanlegaste fargevarianten i handelen vert kalla koi, og er m.a. populær i hagedammar.

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Karpe: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Karpa er ein ferskvassfisk i karpefamilien. Ho kjem opphavleg frå Sentral-Asia, men har vorte innført til nesten heile verda. I nyare tid er den japanske varianten koi vorte populær som hagefisk.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Karpe ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Denne artikkelen omhandler fisken. For musikkgruppen, se Karpe (musikkgruppe).

Karpe, Cyprinus carpio, er en art i karpefamilien. Den kan bli opp til 1,2 meter lang og veie 37,3 kg. Ville karper når likevel bare 20-33 % av denne størrelsen. Den eldste kjente karpen ble 47 år gammel. Den største innmeldte karpe som er tatt på sportsfiskeredskap i Norge veide 13,6 kg. Rekorden ble satt i Ulsrudvannet i Oslo 10.9.2014[1].

Koi er en oppdrettsvariant av karpe som opprinnelig kommer fra Kina, og ble spredt til vesten gjennom Japan. Selv om vinteren overlever koi i vannet under isen. Koi selges mange plasser for svært høye summer. De kan brukes i konkurranse og til auksjon. Man ser på størrelse og farge. En fin koi kan koste opp mot 200 000 NOK. Koi er også et populært motiv, i Kina står det for lykke. Mange vil ha det som tatovering i Vesten.

Skjellmønstrene hos karpebestander kan deles opp i fem typer: Lærkarpe, radkarpe, skjellkarpe, speilkarpe og villkarpe[2].

Taksonomi

Det er to eller tre underarter.

Karpen er så nært beslektet med gullfisk (Carassius auratus) og karuss (C. carassius) at den kan hybridisere med den. Hybrider av karpe og karuss kalles karpekaruss og brukes av og til i oppdrettet fordi de i noen grad kombinerer karussens hardførhet og motstandsdyktighet mot sykdommer med karpens hurtigere vekst og størrelse. Slike hybrider er sterile.

Referanser

 src=
Karpe fra elven Vltava i Tsjekkia.

Eksterne lenker

iktyologistubbDenne iktyologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Karpe: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Denne artikkelen omhandler fisken. For musikkgruppen, se Karpe (musikkgruppe).

Karpe, Cyprinus carpio, er en art i karpefamilien. Den kan bli opp til 1,2 meter lang og veie 37,3 kg. Ville karper når likevel bare 20-33 % av denne størrelsen. Den eldste kjente karpen ble 47 år gammel. Den største innmeldte karpe som er tatt på sportsfiskeredskap i Norge veide 13,6 kg. Rekorden ble satt i Ulsrudvannet i Oslo 10.9.2014.

Koi er en oppdrettsvariant av karpe som opprinnelig kommer fra Kina, og ble spredt til vesten gjennom Japan. Selv om vinteren overlever koi i vannet under isen. Koi selges mange plasser for svært høye summer. De kan brukes i konkurranse og til auksjon. Man ser på størrelse og farge. En fin koi kan koste opp mot 200 000 NOK. Koi er også et populært motiv, i Kina står det for lykke. Mange vil ha det som tatovering i Vesten.

Skjellmønstrene hos karpebestander kan deles opp i fem typer: Lærkarpe, radkarpe, skjellkarpe, speilkarpe og villkarpe.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO