dcsimg

Vierslekta ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Vierslekta (Salix) er ei planteslekt i vierfamilien og veks som tre, buskar, ris eller urteaktige dvergbuskar. Tre og store buskar med smale blad vert gjerne kalla pil eller piletre, tre og store buskar med breie blad vert kalla selje, og låge buskar og dvergbuskar vert kalla vier. Variantar av piletre vert ofte nytta som park- og hagetre, og kan òg finnast viltveksande somme stader i Noreg.

Slekta har kring 400 artar. Vieren har gråaktig bark som er glatt eller fura og veden har ofte åsar under barken. Vinterknoppane er dekte med eit skal og blada er spreidde, enkle og rundtakka eller fint sagtakka. Vieren er særbu med blomstrane samla i akslike heng.

Utbreiing

Vieren veks i hovudsak i tempererte områdeden nordlege halvkula. Det finst om lag 30 artar i Noreg og 24 artar i Sverige og dei fleste finst i nord. Dei mest kjende artane i Noreg og Sverige er selje (S. caprea), gråvier (S. cinerea) og skjørpil (S. fragilis). Vieren er vanskleg å artbestemme når ein har hybridar. Fleire dyrka arter har blittt naturalisert, til dømes kvitpil (S. alba), raudvier (S. purpurea) og korgvier (S. viminalis).

I fjellområde finst vierregionen, dei siste treområda før snaufjellet, som er særleg prega av viervekstar.

Dyrking

Piltypar som som raudpil og korgpil kan dyrkast for produksjon av kvistar til korgbinding og liknande. Dette kan føregå vad at ein tek kvistar på rundt 25 cm som stiklingar og set dei i rader tidleg om våren.[1]

Lokalt har planting av pilevallar vore vanleg, først og fremst i Skåne der trea utgjer eit kjenneteiken for landskapet. I Skåne finst bandpil, Salix amygdalina og bandvier, Salix lanceolata.

Hybridar

Det er vanleg med hybridisering mellom ulike artar i slekta. Desse er ofte fertile og kan gjere det vanskeleg å bestemme arten. Somme tider finn ein hybridar med både tre og fire artar innblanda. Ungskott og sterile eksemplar kan mange gongar vere umoglege å identifisere med visse.

Artar i Norden

Vitskapleg namn Norsk Svensk Dansk Salix aegyptiaca Fløyelsselje Salix alba Kvitpil Vitpil Hvid-Pil Salix alba vitellina Gullpil Salix arbuscula Småvier Risvide Busk-Pil Salix arctica Tundravier Arktisk Pil Salix ×arctogena Trippelvier Salix aurita Øyrevier/ørevier Bindvide Øret Pil Salix babylonica Babylonpil Salix bebbiana Finnmarksvier Salix bicolor Gullvier Salix ×calodendron Fagervier/Dunvier Salix caprea Selje Sälg Selje-pil Salix caprea ssp. sericea Silkeselje Salix cinerea Gråselje Gråvide Grå-Pil Salix daphnoides Doggpil/påskepil Daggvide Dug-Pil/Pommersk Pil Salix daphnoides ssp. acutifolia Plommepil Salix dasyclados Fløyelsvier Salix ehrhartiana Elvepil Salix elaeagnos Dunpil Flod-Pil Salix fragilis Skjørpil Knäckepil Skør-Pil Salix glauca Sølvvier/myrvier Ripvide Blågrå Pil Salix glauca ssp. stipulifera Russevier Salix hastata Bleikvier Blekvide Spyd-Pil Salix herbacea Musøyre/musøre Dvärgvide Dværg-Pil Salix lanata Ullvier Ullvide Uld-pil Salix lanata ssp. glandulifera Kjertelvier Salix lapponum Lappvier Lappvide Laplands-Pil Salix matsudana Koreansk pil Salix xmeyeriana Blankpil Salix xmollissima Flettepil Salix myrsinifolia Svartvier Svartvide Salix myrsinifolia ssp. borealis Setervier Sæter-Pil Salix myrsinifolia ssp. kolaënsis Kolavier Salix myrsinites Myrtevier Glansvide Blåbær-Pil Salix myrtilloides Blokkevier Odonvide Myrte-Pil Salix nummularia Sibirvier Salix xpendulina Fontenepil Salix pentandra Istervier Jolster Femhannet Pil Salix phylicifolia Grønvier/grønnvier Grönvide Tofarvet Pil Salix polaris Polarvier Polarvide Polar-Pil Salix purpurea Raudpil/rødpil Rödvide Purpur-Pil Salix repens Krypvier/Heivier Krypvide Krybende Pil Salix repens var. nitida Sandvier Salix repens subsp. rosmarinifolia Rosmarin-Pil Salix reticulata Rukkevier/rynkevier Nätvide Net-Pil Salix xrubens Grønnpil Salix ×rubra Silkerødpil Salix salvifolia Vitvide Salix xsepulcralis Sørgepil Salix xsmithiana Namdalspil Salix starkeana Blåvier Ängsvide Ellebladet Pil Salix starkeana ssp. cinerascens Finnmarksvier Salix stipularis Spissøyrevier/spissørevier Salix triandra Mandelpil Mandelpil Mandel-Pil Salix uva-ursi Melbær-Pil Salix viminalis Korgpil/kurvpil Korgvide Bånd-Pil

Kjelder

  1. «Pil: pildyrking», Store norske leksikon, 14. februar 2009

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vierslekta
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Vierslekta: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Vierslekta (Salix) er ei planteslekt i vierfamilien og veks som tre, buskar, ris eller urteaktige dvergbuskar. Tre og store buskar med smale blad vert gjerne kalla pil eller piletre, tre og store buskar med breie blad vert kalla selje, og låge buskar og dvergbuskar vert kalla vier. Variantar av piletre vert ofte nytta som park- og hagetre, og kan òg finnast viltveksande somme stader i Noreg.

Slekta har kring 400 artar. Vieren har gråaktig bark som er glatt eller fura og veden har ofte åsar under barken. Vinterknoppane er dekte med eit skal og blada er spreidde, enkle og rundtakka eller fint sagtakka. Vieren er særbu med blomstrane samla i akslike heng.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN