Poppelfiken eller banyan (Ficus benghalensis) er ein plante i fikenslekta med luftrøter som veks ned til bakken og hardnar, slik at treet aukar i omkrins. Det veks vilt i Sør-Asia frå Bengal til foten av Himalaya, og planta ei rekkje stader. Banyan er nasjonaltre for India.
Banyanfrø blir gjerne spreidd av fuglar som et fruktene av det, som hyrdestare.[1] Planten byrjar livet som epifytt i andre tre. Ved hjelp av røtene kveler han etterkvart vertstreet og blir sjølv eit stort tre med tjukk stamme. Stammediameteren til dei største kjende banyantrea er 4,5 meter. Banyan har ei stor, flat krone som skyt luftrøter frå greinene, slik at treet kan breia seg horisontalt. Eitt einaste tre kan etter ei viss tid dekkja mange dekar og danna eit eige lite skogholt. Det to hundre år gamle treet «Thimmamma Marrimanu» i Andhra Pradesh dekkjer til dømes over 19 000 m².[2]
Poppelfiken blir brukt som pryd- og skuggetre, og er populært som bonsaitre. Treet gjev mykje skugge, og har tradisjonelt vore møte- og kvilestad for folk i Sør-Asia. Namnet «banyan» kjem frå handelskasten bania, som ofte brukte kvila eller driva handel under desse trea.
I hinduismen er treet rekna som heilag, og kan tilbedast for seg eller ha eit lite tempel under seg. Den lange vekst- og levetida og gjer at treet ofte symboliserer evig liv. To sanskritnamn på treet er bahupada, 'mange føter', og kalpavriksha, 'ønskjeoppfyllande tre'. I vestleg forståing har banyan av og til vore forveksla med bodhitreet eller gudefikentreet, Ficus religiosa. Hinduar reknar desse trea som eit par, med banyan som den mannleg og Ficus religiosa som den kvinnelege planten.[3]
Banyantre blir også rekna som tilhaldsstad for ander, skrømt og himmelmusikarar (gandharva). På grunn av dette unngår folk å sova under trea om natta.[3]
Poppelfiken eller banyan (Ficus benghalensis) er ein plante i fikenslekta med luftrøter som veks ned til bakken og hardnar, slik at treet aukar i omkrins. Det veks vilt i Sør-Asia frå Bengal til foten av Himalaya, og planta ei rekkje stader. Banyan er nasjonaltre for India.
Banyanfrø blir gjerne spreidd av fuglar som et fruktene av det, som hyrdestare. Planten byrjar livet som epifytt i andre tre. Ved hjelp av røtene kveler han etterkvart vertstreet og blir sjølv eit stort tre med tjukk stamme. Stammediameteren til dei største kjende banyantrea er 4,5 meter. Banyan har ei stor, flat krone som skyt luftrøter frå greinene, slik at treet kan breia seg horisontalt. Eitt einaste tre kan etter ei viss tid dekkja mange dekar og danna eit eige lite skogholt. Det to hundre år gamle treet «Thimmamma Marrimanu» i Andhra Pradesh dekkjer til dømes over 19 000 m².