dcsimg

Rovterne ( Norveççe )

wikipedia NN tarafından sağlandı

Rovterne (Hydroprogne caspia, tidlegare Sterna caspia[1]) er ein vassfugl i ternefamilien med nær kosmopolitisk, men mykje oppstykka distribusjon. Trass den omfattande utbreiinga, er ho monotypisk i slekta si, og har heller ingen aksepterte underartar.[2]New Zealand er ho òg kjent under maorinamnet taranui.

Skildring

Det er verdas største terne med ei lengd på 48-60 cm, eit vengespenn på 127-145 cm og ei vekt på 530-782 gram.[2][3] Vaksne fuglar har svarte bein, og eit langt tjukt raudoransje nebb med ein liten svart spiss. Dei har kvitt hovud med svart hette og kvit nakke, underside og stjert. Oversida av vengene og ryggen er bleikgrå, undervengene er bleike med mørke primærfjører. I flukt, er halen mindre gaffeldelte enn hos andre terner og vengespissane er svarte på undersida.[2] I motsetnad til mange andre terner held dei på den svarte hetta i vinterdrakta, men med nokre kvite striper i panna. Lætet er eit høgt, hegreliknande «krre-ahk».[4]

Distribusjon og habitat

Hekkehabitata er store innsjøar og kystar i Nord-Amerika inkludert Dei store sjøane, i Europa hovudsakleg rundt Austersjøen og Svartehavet, dessutan i Asia, Afrika, i Australia og på New Zealand. Nordamerikanske fuglar trekkjer til sørlege kystar, Karibia og i noko grad til nordlegaste Sør-Amerika. Europeiske og asiatiske fuglar overvintrar i tropiske område i «den gamle verda». Afrikanske og australske fuglar er standfuglar eller trekkjer berre korte avstandar.[2]

Den globale populasjonen er om lag 50 000 par, tala i dei fleste regionane er stabile, men utviklinga i Austersjøen, med 1400-1475 par i byrjinga av 1990-talet, er ottesam med minkande populasjon.[2][5]

Rovterna er ein av artane som vert omfatta av avtalen Agreement on the Conservation of African-Eurasian Migratory Waterbirds, (AEWA).

Åtferd

Dei lever i hovudsak på fisk som dei stupdukkar etter; svevar høgt over vatnet og deretter stuper. Dei kan òg tidvis ete store insekt, ungar og egg av andre fuglar og gnagarar. Dei kan flyge opp til 60 kilometer frå kolonien for å hente fisk. Dei fiskar like gjerne på innsjøar som på havet.[2][4]

Hekketida er om våren og sommaren, med kull på eit til tre lyse blågrøne egg, med tunge brun flekker. Dei hekkar anten saman i koloniar, eller einskildvise i blanda koloniar av andre terne og måseartar. Reiret ligg på bakken blant grus og sand, eller nokre gonger i vegetasjon, hekketida er 26-28 dagar. Ungane har varierande i fjørdraktmønster og farger, frå bleik kremfarga til mørkare gråbrun. Ungane er flygedyktige etter 35-45 dagar.[2]

Kjelder

Referansar

  1. Bridge, E. S., Jones, A. W., & Baker, A. J. (2005). A phylogenetic framework for the terns (Sternini) inferred from mtDNA sequences: implications for taxonomy and plumage evolution. Molecular Phylogenetics and Evolution 35: 459–469. PDF pdf file
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal J., red. (1996). Hoatzin to Auks. Handbook of the Birds of the World. Band 3. Barcelona: Lynx edicions. s. 645. ISBN 84-87334-20-2.
  3. [1]
  4. 4,0 4,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  5. Snow, D. W., & Perrins, C. M. (1998). The Birds of the Western Palearctic Concise Edition OUP ISBN 0-19-854099-X.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rovterne
lisans
cc-by-sa-3.0
telif hakkı
Wikipedia authors and editors
orijinal
kaynağı ziyaret et
ortak site
wikipedia NN

Rovterne: Brief Summary ( Norveççe )

wikipedia NN tarafından sağlandı

Rovterne (Hydroprogne caspia, tidlegare Sterna caspia) er ein vassfugl i ternefamilien med nær kosmopolitisk, men mykje oppstykka distribusjon. Trass den omfattande utbreiinga, er ho monotypisk i slekta si, og har heller ingen aksepterte underartar. På New Zealand er ho òg kjent under maorinamnet taranui.

lisans
cc-by-sa-3.0
telif hakkı
Wikipedia authors and editors
orijinal
kaynağı ziyaret et
ortak site
wikipedia NN

Rovterne ( Norveççe )

wikipedia NO tarafından sağlandı

Rovterne (vitenskapelig navn: Hydroprogne caspia, tidl. Sterna caspia) er en fugl og den største ternen. De voksne fuglene har sorte ben og et langt rødt-oransje nebb. Rovternen når en lengde på 48-56 cm og veier 575-775 g. Dens vingespenn kan bli opptil 1,4 m.

Rovternen yngler i områder med store innsjøer og lange kyster i Nord-Amerika og lokalt i Europa, Asia, Afrika, Australia og New Zealand.

Den er en sjelden gjest i Danmark og Norge. I Danmark observeres den normalt sett kun under trekk mellom sine yngleområder i området rundt Østersjøen og vinteropphold i Nord-Afrika. Imidlertid ble det i sommeren 2008 observert ynglende rovterner i det lukkede fuglereservatet på Saltholm.[1]

Referanser

Eksterne lenker


ornitologistubbDenne ornitologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
lisans
cc-by-sa-3.0
telif hakkı
Wikipedia forfattere og redaktører
orijinal
kaynağı ziyaret et
ortak site
wikipedia NO

Rovterne: Brief Summary ( Norveççe )

wikipedia NO tarafından sağlandı

Rovterne (vitenskapelig navn: Hydroprogne caspia, tidl. Sterna caspia) er en fugl og den største ternen. De voksne fuglene har sorte ben og et langt rødt-oransje nebb. Rovternen når en lengde på 48-56 cm og veier 575-775 g. Dens vingespenn kan bli opptil 1,4 m.

Rovternen yngler i områder med store innsjøer og lange kyster i Nord-Amerika og lokalt i Europa, Asia, Afrika, Australia og New Zealand.

Den er en sjelden gjest i Danmark og Norge. I Danmark observeres den normalt sett kun under trekk mellom sine yngleområder i området rundt Østersjøen og vinteropphold i Nord-Afrika. Imidlertid ble det i sommeren 2008 observert ynglende rovterner i det lukkede fuglereservatet på Saltholm.

lisans
cc-by-sa-3.0
telif hakkı
Wikipedia forfattere og redaktører
orijinal
kaynağı ziyaret et
ortak site
wikipedia NO