dcsimg

Søl ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Søl eller sòl er ein vanleg raudalge i Noreg.

Utsjånad

Søl er ein raudalge med stor formvariasjon. Vanleg er breitt lansettforma blad, og nokre er tokløyvde i toppen. Algen vert 1-2 dm lang , nokre kan verte opptil 5 dm. Frå det første skotet i midten har det neste vår utvikla seg eit nytt blad og dessutan sideblad. Fleire individ kan vekse ut frå same festeskive.

Utbreiing

Søl kan finnast på den europeiske atlanterhavskysten frå Portugal til Austersjøen og nordover til Færøyane og Island. Elles veks planta i arktisk Russland, i det arktiske og austlege Canada, i Alaska, Japan og Korea.

Førekomst i Noreg

Søl veks på stein, berggrunn og større algar frå nedre del av fjøresona ned til 15 m djupn. Arten finst langs heile norskekysten, særleg vanleg i vest og nord.

Bruk

Planta kan etast og har vore brukt til mat for menneske.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Palmaria palmata» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2012.
  • Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard).
licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN

Søl: Brief Summary ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Søl eller sòl er ein vanleg raudalge i Noreg.

licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN