dcsimg

Gorilla ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Gorilla er ei slekt som inneheld dei to største primatartane. Båe artar lever i skoglende i Afrika, og er nesten utelukkande planteetarar (til skilnad frå menneske og sjimpanse). Nest etter sjimpansane er gorillaene dei dyra som har størsteparten av DNA-et sitt felles med menneske (97-98 %).

Gorillaene lever i tropiske og subtropiske strok i Afrika, frå havnivå til 4 000 moh.

Klassifisering

Slekta Gorilla er i familien Hominidae, som òg inneheld orangutangar og sjimpansar.

Gorillaene pla vore klassifisert i tre artar: fjellgorilla, vestleg låglandsgorilla, austleg låglandsgorilla. Den innbyrdes klassifiseringa er ikkje fullstendig sikker, men i dag er det ålmenn semje om at det finst to artar, og at kvar av desse er delt i to underartar.

Fjellgorillaen finst i to skilde populasjonar. Den eine, i Bwindi Impenetrable National Park i Uganda har morfologiske skilnader frå hin populasjon, og somme meiner desse er ein eigen art.

Utsjånad og kjenneteikn

 src=
Kjønnsdimorfisme av gorillaskallen.

Gorillaer er dei største primatane. Hannen vert hjå somme artar opptil 1,75 m høg, og kan vega meir enn 200 kg. Hoa er som regel noko mindre, ca. 1,40 m høg, og opp til 100 kg. Pelsen deira er svart, men hjå vestgorillaer er pelsen på hovudet meir raudleg. Hannen utviklar etter kvart ein sylvfarga flekk på ryggen. Hjå vestgorillaer strekkjer denne seg ofte ned bakbeina.

I motsetnad til menneske stikk underkjeven lenger ut enn overkjeven. Tennene er veleigna til å eta harde plantar, som bambus.

Gorillaer går på beina og armane, og stør seg på knokane.

Åtferd

 src=
Hogorilla

Ernæring

Gorillaer et i hovudsak plantar, men nokre insekt. Dei et røter, veden, blada, blomane og av og til frukta. Ender og gong et dei si eiga avføring. Kvifor dei gjer det er ikkje visst, men ein mogleg grunn er å halda på viktige næringsstoff. Låglandsartane et meir frukt, høglandsartane et meir blad og ved.

Sosial åtferd

 src=
To gorillaer kviler i San Diego Zoo.

Gorillaer er flokkdyr, og lever i flokkar på 5-30 dyr. Den vanlegaste flokkstrukturen er éin dominerande hann (sylvrygg) med fleire hoer. Ein del flokkar har meir enn éin hann. Hannar som ikkje finn seg ein flokk, lever anten åleine eller i flokkar av hannar. Leiarhannar som er truga ter seg aggressivt, med skrik og mykje rørsle. Til slutt rasar dei fram til åtak. Om ein flokk misser leiarhannen, bryt han som regel opp, men ein sjeldan gong tek ein av dei mindre dominante hannane over.

Hannar forlèt flokken sin når dei er om lag 11 år gamle, og det tek dei som oftast 2 til 5 år før dei greier å danna seg sin eigen flokk. Hoer forlèt gjerne flokken noko yngre, om dei ikkje vert att i flokken.

Leiarhannen tek seg som regel av foreldrelause ungar i flokken.

Gorillaer er veldig intelligente, og nyttar enkle reiskapar. Dei nyttar steinar til å opna skjel, og greiner til fiske. Gorillaer i fangenskap kan lærast enkelt teiknspråk.

Forplanting

 src=
Det finst mindre enn 1 000 fjellgorillaer

Hoa er som regel paringsklår når ho er mellom 9 og 11 år. Kullet er på 1. Drekta varer i om lag 9 månader, og det går ca. 3-5 år mellom kvar unge. Hoa er paringsklår om lag 3 dagar i ein syklus, og syklusen varer ca. 28 dagar.

Gorillaer vert opp til 50 år gamle.

Utryddingsstatus

Alle fire underartar er utryddingstruga. Gorillaer er sopass like menneske at dei får same sjukdomar. Turistar som kjem for sjå gorillaene, bringar med seg sjukdomar som er uskadelege for menneske, men døyelege for gorillaer. Gorillaene lever i område i Den demokratiske republikken Kongo som er ramma av svolt. Mesteparten av menneska i områda lever på svoltegrensa, og skogane gorillaene lever i, vert hogde ned og gjorde til jordbruksland. Vestleg låglandsgorilla, fjellgorilla og Cross River-gorilla er sterkt utryddingstruga. Ein reknar med at det finst om lag 100 000 vestlege låglandsgorillaer, 3 000 austlege låglandsgorillaer, ca. 700 fjellgorillaer og mindre enn 300 Cross River-gorillaer.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Gorilla: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Gorilla er ei slekt som inneheld dei to største primatartane. Båe artar lever i skoglende i Afrika, og er nesten utelukkande planteetarar (til skilnad frå menneske og sjimpanse). Nest etter sjimpansane er gorillaene dei dyra som har størsteparten av DNA-et sitt felles med menneske (97-98 %).

Gorillaene lever i tropiske og subtropiske strok i Afrika, frå havnivå til 4 000 moh.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Gorillaer ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Gorillaer (Gorilla) er en slekt i familien med store aper (Hominidae). Gorillaene, som er endemiske for Afrika sør for Sahel, er de største av alle primater. Slekten inkluderer to arter og tilsammen fira taxa.

Etymologi

 src=
Gorillaenes utbredelse i Afrika

Den amerikanske legen og misjonæren Thomas Staughton Savage var den første til å beskrive gorillaen i 1847. Navnet kommer fra det greske ordet Gorillai, («stamme av hårete kvinner») som ble beskrevet av Hanno sjøfareren, en karthagensk sjøfarer som rundt 480 f.Kr. kan ha besøkt det som i dag er Sierra Leone.

Biologi

Hannene blir mellom 1,65 m og 1,75 m høye og veier mellom 140 kg og 165 kg. Hunnene veier omkring det halve av hannene. Hannene blir forplantningsdyktige når de er ni år, mens hunnene blir det når de er syv år. Hendene er brede med korte fingre. Føttene er tilpasset til å gå nede på bakken.

Gorillaen er planteeter. Den spiser blader og forskjellige plantedeler.

En gorillaflokk ledes av en såkalt sølvrygg, en sterk hann, normalt over 12 år gammel. Sølvryggen leder typisk en flokk på mellom 5-30 gorillaer og treffer beslutninger omkring sikkerhet, fødesteder og lignende.

En vill gorilla blir vanligvis omkring 30 år, mens en i fangenskap kan bli opptil 40 år.

Artsinndeling

Treliste

Evolusjon og inndeling

Inndelingen under følger Goodman et al. (1990)[1] og Groves (2005).[2] Slektskapsforholdene mellom menneskeapene er, gjengitt i hierarkisk skrivemåte og supplert med en evolusjonær tidsskala.

Treliste

Referanser

  1. ^ M. Goodman; D. A. Tagle; D. H. Fitch; W. Bailey; J. Czelusniak; B. F. Koop; P. Benson; J. L. Slightom (1990). "Primate evolution at the DNA level and a classification of hominoids". Journal of Molecular Evolution. 30 (3): 260–266. doi:10.1007/BF02099995. PMID 2109087.
  2. ^ Groves, C.P. (2005). Wilson, D.E.; Reeder, D.M., eds. Mammal Species of the World: A Taxonomic and Geographic Reference (3rd ed.). Baltimore: Johns Hopkins University Press. pp. 181–184. OCLC 62265494. ISBN 0-801-88221-4.

Eksterne lenker


license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Gorillaer: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Gorillaer (Gorilla) er en slekt i familien med store aper (Hominidae). Gorillaene, som er endemiske for Afrika sør for Sahel, er de største av alle primater. Slekten inkluderer to arter og tilsammen fira taxa.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO