dcsimg

Sørbrunkivi ( norja )

tarjonnut wikipedia NN

Sørbrunkivi, Apteryx australis, òg kjent som tokoeka, er ein mellomstor kiviartSørøya på New Zealand og på Stewart Island sør for Sørøya. Sørbrunkivi tilhøyrer kivifamilien og er medlem av ordenen strutsefuglar, Struthioniformes. Kivifamilien er endemisk til New Zealand.

Taksonomi

Fram til år 2000 blei det som den gongen var kalla brunkivi, Apteryx australis, tenkt å inkludere okaritokivi og nordbrunkivi, i tillegg til sørbrunkivi. Men ved hjelp av genetiske kodar frå kvar av dei ovannemnde, blei det fastslått at tokoeka var ein eigen art, tok namnet Apteryx australis, og nordbrunkivi, noverande Apteryx mantelli blei splitta ut. Kort tid etter, blei fleire genetiske testar gjort med okaritokivi og det blei avgjort at okaritokivi var ein eigen art med vitskapleg namn Apteryx rowi.

Sørbrunkivi er delt inn i to underartar:

  • Apteryx australis australis, er ein populasjon på ca. 7000 fuglar er funne på sørvestre del av Sørøya på New Zealand, Fiordland. Ein åtskilt delbestand i Haast, nordlege Fiordland, held berre rundt 250 gjenlevande individ.[1]
  • Apteryx australis lawryi, lever på Stewart Island/Rakiura, og er relativt vanleg, 20 000 fuglar, i heile utbreiingsområdet, ca. 17 fuglar per kvadratkilometer.

Det vitskaplege namnet for sørbrunkivi, Apteryx australis, er basert på gresk og latin. Apteryx tyder A- 'utan', pterux 'venger', og auster 'vinden frå sør', og -alis 'relatert til'. Australis tyder her 'relatert til sørleg vind' og ikkje Australia.[2]

Skildring

Sørbrunkiviar er typisk mørkebrune på Stewart Island med variasjonar i meir gråbrunt i Fjordland og populasjonen i Haast er kjenneteikna av meir raudbrun fjørdrakt. Fjørene er smykka med raudbrune streker i lengderetninga.[1] Kroppslengda er på 45-55 cm, hoa veg 2.1-3.9 kg og hannen veg 1.6-2.8 kg. Nebbet er langt og slankt og svakt nedkurva. Som andre kiviar er denne arten eit nattdyr.

Til likskap med strutsefuglar, manglar dei brystbeinskam på brystbeinet, sternum, og dei har ein særeigen gane.[3] Denne fuglen har ingen gumpkjertel, og fjørene har ingen bistrålehakar. Dei har store vêrhår rundt nebbet, og har pygostyle som manglar halefjører.

Habitatet deira er tempererte og subtropiske skogar, grassletter, og buskland, jo tettare jo betre.[3] Dei er utbreidd over heile Stewart Island kor dei òg lever på sanddynene.[1]

Åtferd

Sørbrunkivi kommuniserer vokalt for å forsvare territoriet sitt. Dei vil òg synge duettar med kvarandre. Hannar har meir skingrande læte, hoer er hese og gutturale. Hannane er meir vokal og dei begge syng i ei oppreist stilling med beina strekt ut og nebbet peikande opp.[3]

Sørbrunkivi har eit langt tynnt nebb med nasebor ved spissen, som bidreg til å gje dei den utmerkte luktesansen deira. Dei nyttar luktesans meir enn synet og høyrsla til å søkje fram virvellause dyr, inkludert meitemark, biller larvar, sniglar, edderkoppar, skolopendrar og rettvengjer. Kråsen er veik og underutvikla grunna lite plantekost.[3]

Sørbrunkivi, som alle kiwiar, har to fungerande eggstokkar, men berre den venstre eggleiar er i funksjon, slik at egg frå begge eggstokkane passerer gjennom den venstre. Dette er ein monogam art og når eit par er gått saman, vil de forsvare territoriet sitt med varsellydar. Storleiken på territoria deira er mellom 5 og 43 hektar. Reiret blir lagt i hòler, eller skjerma under tett vegetasjon. Hoa legg 1-2 egg, vanlegvis berre eitt, kor hannen rugar i 90 dagar. Nokre dagar etter klekking vil ungen gå ut av reiret og finne føde på eiga hand, sjølv om det kan halde seg rundt foreldra i eit år. Når dei ikkje rugar egg, skjuler dei seg og kviler åleine på avskjerma plassar på bakkenivå.[3]

Trugsmål og vern

Etter at arten vart anerkjent av IUCN i 2000, blei dei klassifisert som sårbare.[1] Populasjonen er estimert til totalt 29 800 individ (2008) og er minkande.[1] Ein art av pungrev Trichosurus vulpecula, og røyskatt, et egga, røyskatt og kattar et ungar og ungfuglar. Vaksne er òg truga av hundar, ilderar og pungrevar åtakar både vaksne og ungar. Populasjonen på Stewart Island er stabil på grunn av mangel på desse rovdyra.[1]

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 BirdLife International 2012
  2. Gotch, A.F. (1995) [1979]. «Kiwis». Latin Names Explained. A Guide to the Scientific Classifications of Reptiles, Birds & Mammals. London: Facts on File. s. 180. ISBN 0-8160-3377-3.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Davies, S.J.J.F. (2003). «Kiwis». I Hutchins, Michael. Kiwis. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins (2 utg.). Farmington Hills, MI: Gale Group. s. 89–92. ISBN 0-7876-5784-0.

Bakgrunnsstoff

lisenssi
cc-by-sa-3.0
tekijänoikeus
Wikipedia authors and editors
alkuperäinen
käy lähteessä
kumppanisivusto
wikipedia NN

Sørbrunkivi: Brief Summary ( norja )

tarjonnut wikipedia NN

Sørbrunkivi, Apteryx australis, òg kjent som tokoeka, er ein mellomstor kiviartSørøya på New Zealand og på Stewart Island sør for Sørøya. Sørbrunkivi tilhøyrer kivifamilien og er medlem av ordenen strutsefuglar, Struthioniformes. Kivifamilien er endemisk til New Zealand.

lisenssi
cc-by-sa-3.0
tekijänoikeus
Wikipedia authors and editors
alkuperäinen
käy lähteessä
kumppanisivusto
wikipedia NN

Sørbrunkivi ( norja )

tarjonnut wikipedia NO

Sørbrunkivi eller brunkivi (Apteryx australis) er en flygeudyktig fugl i kivifamilien. Den er endemisk i New Zealand.

Underarter

Brunkivien har to underarter.

Treliste

Beskrivelse

Sørbrunkivien er 45-55 cm. lang. Hunnen veier 2,1 til 3,9 kg. Hannen veier 1,8 til 2,8 kg. Den er, som andre kivier, et nattaktivt dyr. Fargen er gråbrun.

Føde

Føden består av virvelløse dyr som meitemarker, edderkopper, billelarver, snegler, skolopendere og rettvinger.

Atferd

Kivier er monogame fugler, så når de har dannet par vil de forsvare territoriene sine med varselslyder. Territoriene kan være mellom 4.9 ha. til 43 ha. Reirene bygges i huler dekket med tett vegetasjon. Hunnen legger 1 eller 2 egg, som regel bare ett, som hannen ruger i 90 dager. Etter noen få dager etter at kyllingen har klekket ut av egget forlater den reiret og finner mat selv. Den holder seg nær foreldrene i ca. et år.

Habitat og utbredelse

Populasjon Sted Antall Dato Status Stewart Island 20 000 1996 Stabil Fiordland 7000 1996 Minkende Haast 300 2008 Økende Totalt (New Zealand) 27 000 1996 Synkende

Brunkivien lever på Sørøya (A. a. australis) og Stewart Island (A. a. lawryi). Den lever i skogsområder.

Se også

Referanser

  1. ^ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening. www.birdlife.no (publisert 22.5.2008). Besøkt 2016-08-07

Eksterne lenker

lisenssi
cc-by-sa-3.0
tekijänoikeus
Wikipedia forfattere og redaktører
alkuperäinen
käy lähteessä
kumppanisivusto
wikipedia NO

Sørbrunkivi: Brief Summary ( norja )

tarjonnut wikipedia NO

Sørbrunkivi eller brunkivi (Apteryx australis) er en flygeudyktig fugl i kivifamilien. Den er endemisk i New Zealand.

lisenssi
cc-by-sa-3.0
tekijänoikeus
Wikipedia forfattere og redaktører
alkuperäinen
käy lähteessä
kumppanisivusto
wikipedia NO