Campbellskarv (Phalacrocorax campbelli) er ein kystbunden sjøfugl og ein mellomstor skarv. Han er endemisk til Campbelløyane på New Zealand.
Campbellskarvar er ca. 63 centimeter med kroppssvekt på 2 kilogram. Fjørdrakta er i svart, med kvit underside frå brystet til undergumpen. Halsen er svart, men de har eit kvitt område i strupen. Kvite flekker på vengfjørene utgjer eit kvitt band på vengen når fuglen sit. Beina er lyseraude og auga har blå augering. Strupe og andlet får ein raud hudpose i hekketida.
Denne arten finst berre rundt øygruppa Campbelløyane, dei kan beite opp til 10 kilometer ut frå land.
Campbellskarvar hekkar i koloniar på opp til 150 par på hovudøya og småøyar omkring. Reirplassane ligg på fjellhyller og i hòler i fjellsider der dei bygg reir av kvister og gras. Dei legg to lyseblå egg i november til februar.
Beitinga kan gå føre seg i flokkar av 30-100 individ som jakter koordinert, men ein flokk på opp til 2000 fuglar har vore observert. Føda er små marine blautdyr og stimfisk.
Arten har status som sterkt trua, og bestanden er estimert til ca. 8 000 individ (1975), og er trudd å vere stabil.[1]
Campbellskarv (Phalacrocorax campbelli) er ein kystbunden sjøfugl og ein mellomstor skarv. Han er endemisk til Campbelløyane på New Zealand.