dcsimg

Akeleieslekta ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NN

Akeleieslekta er ei planteslekt med om lag 60 til 70 fleirårige artar i soleiefamilien. Han er kjenneteikna av poseforma kronblad som ender i lange honningsporar som stikk opp mellom begerblada.

Plantane er rekna som giftige.[1] Akeleie har lenge vore dyrka som kulturplante, og var tradisjonelt brukt i urtemedisin.[2]

Den vanlegaste akeleiearten i Noreg, akeleie (Aquilegia vulgaris), finst forvilla frå klosterhagar og naturalisert i berg og urer i Sør-Noreg. Blomane er ofte blå, men finst også i mange andre fargar frå kvitt til blått eller raudt.[2]

Avkok av akeleie har vore brukt som augedropar og mot øyreverk. Ein har nytta akeleievatn som middel mot epilepsi, medan eit avkok med vin blei drukke ved beinbrot.[2]

Colorado Blue Columbine (Aquilegia caerulea) er delstatsblom for den amerikanske delstaten Colorado.

Bakgrunnsstoff


Kjelder

  1. Giftinformasjonssentralen
  2. 2,0 2,1 2,2 Akeleie (31. januar 2013), Store norske leksikon. Fri aritkkel henta 7. februar 2014.
ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia authors and editors
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NN

Akeleieslekta: Brief Summary ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NN

Akeleieslekta er ei planteslekt med om lag 60 til 70 fleirårige artar i soleiefamilien. Han er kjenneteikna av poseforma kronblad som ender i lange honningsporar som stikk opp mellom begerblada.

Plantane er rekna som giftige. Akeleie har lenge vore dyrka som kulturplante, og var tradisjonelt brukt i urtemedisin.

Den vanlegaste akeleiearten i Noreg, akeleie (Aquilegia vulgaris), finst forvilla frå klosterhagar og naturalisert i berg og urer i Sør-Noreg. Blomane er ofte blå, men finst også i mange andre fargar frå kvitt til blått eller raudt.

Avkok av akeleie har vore brukt som augedropar og mot øyreverk. Ein har nytta akeleievatn som middel mot epilepsi, medan eit avkok med vin blei drukke ved beinbrot.

Colorado Blue Columbine (Aquilegia caerulea) er delstatsblom for den amerikanske delstaten Colorado.

ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia authors and editors
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NN