Jordnøtt eller jordnòt (Conopodium majus) er ein art i skjermplantefamilien Apiaceae. Det er ei opptil 50 cm høg fleirårig urt, med etande jordknoll. Jordnøtt har findelte blad med linjeforma flikar og kvite blomar i skjerm. Ho blomstrar på føresommaren (juni). Frukta er glinsande svartbrun og 4 mm lang.
I Noreg veks jordnøtt på grasbakkar, beite, i skog og kratt i kyst- og fjordstrøk frå Telemark til Nord-Trøndelag, samt på eit par førekomstar i Nordland. Planta finst også på Færøyane, svært sjeldan i Sverige og i Danmark, elles i Vest-Europa.
Planta må ikkje forvekslast med peanøtt som også av og til blir kalla jordnøtt, og som høyrer til erteblomfamilien (Fabaceae).