Graslauk (Allium schoenoprasum) er ein art i laukslekta i påskeliljefamilien. Arten har ei nordleg sirkumpolar utbreiing, det vil seie at ein kan finne den rundt heile den nordlege halvkula. Innom utbreiingsområdet er arten mangeforma og det er gjort flerie forsøk på å dele arten inn i underartar og varietetar, men det har vist seg vanskeleg å skilje ut grupper med unike særtrekk.
Graslauk er ein fleirårig urt, med lauk og blir opp til 30 cm høg. Den er ofte nytta som staude i blomsterbed sidan den kan danne tuer. Både blad og blomsterstenglar er innhole og hårlause. Vidare er dei slanke og lyst grågrøne. Blomstrane er sekstalige, klokkeforma og om lag 1 cm lange. Fargen varierer frå raudfiolett, fiolett til lys fiolett og kan i sjeldne tilfelle vere kvit. Blomstrane sitt på enden av blomsterstengelen i ein kuleforma halvskjerm. Blomsterstanden er dekt av eit papiraktig høgblad før blomstring. Frukta er kapslar med mange frø. Blomstringa skjer i juni-juli.
Graslauk varierer i utsjånad og eit par varietetar blir tradisjonelt seld i Norden, som alvargraslauk (var. alvarense Hyl.), sibirgraslauk (var. sibiricum (L.) Hartm.), og hovudvarieteten vanleg graslauk (var. schoenoprasum).
Ein liknande art som ofte blir dyrka er kinesisk graslauk (A. tuberosum) som har ein mild smak av kvitlauk. Den har ikkje holrom inne i blada og har kvite blomstrar, og er ikkje i særskilt nært slekt med graslauken.
På graslauk er det blada som blir nytta som krydder. Desse blir anten nytta ferske eller tørka. Blada blir klipt opp i passande lengder på nokre millimeter og blir sett til salatar, eggerøre og til ulike silderettar, og for å lage farge og smak strødd over matrettar som kokt potet og på smørbrød.
Inndelinga er vanskeleg sidan det finst ei lang rekke mellomformer. Det er derfor ingen endeleg strikt vitskapleg klassifikasjon, men meir eit forsøk på å systematisere materialet. Likevel veks somme innanfor eit naturleg avgrensa område.
Mange sortar blir dyrka i hagar og i jordbruket.
Andre sorter er 'Dominant', 'Fitlau', 'Grovbladig, 'Hammenhögs Special', 'Kirdo', Mellanfin', 'Netherbyres Dwarf', 'Polycross', 'Polyvert', 'Silver Chimes', 'Vanlig' og 'Wilan'.
Graslauk (Allium schoenoprasum) er ein art i laukslekta i påskeliljefamilien. Arten har ei nordleg sirkumpolar utbreiing, det vil seie at ein kan finne den rundt heile den nordlege halvkula. Innom utbreiingsområdet er arten mangeforma og det er gjort flerie forsøk på å dele arten inn i underartar og varietetar, men det har vist seg vanskeleg å skilje ut grupper med unike særtrekk.
Graslauk med blomar.