dcsimg

Kokakoar ( 挪威語 )

由wikipedia NN提供

Kokakoar er ein liten biologisk familie av sporvefuglar, Callaeidae, òg namngjeve Callaeatidae. Familien er endemisk til New Zealand. Det finst berre tre nolevande artar i familien, ein fjerde art døydde ut tidleg på 1900-talet. Dei nolevande artane er trua artar, trugsmåla kjem først og fremst frå introduserte artar av pattedyr som rotter, mårdyr og klatrepungdyr.

Skildring

 src=
Huia, Heteralocha acutirostris, utdøydd ca. 1910

Dei tre overlevande artane er 26-38 cm i lengd og lever bakkenært av insekt i tett skog. Dei har sterke bein og fjørlause hudfliker bak nebbet. Vengene er avrunda og uvanleg svake, noko som gjev dei mykje avgrensa flygeeigenskapar. Flikfuglar er monogame og forsvarer faste territorium.[1] Huia eller huja, Heteralocha acutirostris, var ein noko større art på Nordøya, i svart fjørdrakt med oransje hudfliker. Arten er rekna som utdøydd frå ca. år 1910.[2]

Denne fuglegruppa kan vere restar av ein tidleg ekspansjon av sporvefuglar til New Zealand. Dei har ingen nærskylde unntatt stitsjfugl, meir fjerne relasjonar er framleis ukjente.[3]

Artsliste

Kokakoar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

Slekt Callaeas
  • Nordkokako, Callaeas wilsoni, North Island Kokako, Bonaparte, 1850, (NT)
Slekt Philesturnus
  • Nordsalrygg, Philesturnus rufusater, North Island Saddleback, Lesson, 1828, (NT)
  • Sørsalrygg, Philesturnus carunculatus, South Island Saddleback, Gmelin, 1789, (NT)

Kjelder

Referansar
  1. Lindsey, Terence (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 225. ISBN 1-85391-186-0.
  2. «Huja». Store norske leksikon. Henta 20. november 2010.
  3. Ewen, John G.; Flux, Ian; Ericson, Per G.P. (23. januar 2006). «Systematic affnities of two enigmatic New Zealand passerines of high conservation priority, the hihi or stitchbird Notiomystis cincta and the kokako Callaeas cinerea» (PDF). Molecular Phylogenetics and Evolution 40 (2006): 281–284.
  4. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

許可
cc-by-sa-3.0
版權
Wikipedia authors and editors
原始內容
參訪來源
合作夥伴網站
wikipedia NN

Kokakoar: Brief Summary ( 挪威語 )

由wikipedia NN提供

Kokakoar er ein liten biologisk familie av sporvefuglar, Callaeidae, òg namngjeve Callaeatidae. Familien er endemisk til New Zealand. Det finst berre tre nolevande artar i familien, ein fjerde art døydde ut tidleg på 1900-talet. Dei nolevande artane er trua artar, trugsmåla kjem først og fremst frå introduserte artar av pattedyr som rotter, mårdyr og klatrepungdyr.

許可
cc-by-sa-3.0
版權
Wikipedia authors and editors
原始內容
參訪來源
合作夥伴網站
wikipedia NN