Pilandok (Tragulus nigricans) er ein liten, nattaktiv drøvtyggjar i familien dvergmoskusdyr som berre finst på Balabac-øya og mindre øyar i nærleiken (Bugsuc og Ramos) sørvest for Palawan på Filippinane.
Pilandok var tidlegare rekna som ein underart av T. napu, men blei fråskild frå denne art på grunn av skilnader i utforminga av skallen.[1]
Pilandokar er gjennomsnittleg 40–50 cm lange frå hovud til halefestet og har ei skulderhøgd på 18 cm.[2] Dei har ein svart og brun pels med kvite striper på strupa og brystet.
Pilandok (Tragulus nigricans) er ein liten, nattaktiv drøvtyggjar i familien dvergmoskusdyr som berre finst på Balabac-øya og mindre øyar i nærleiken (Bugsuc og Ramos) sørvest for Palawan på Filippinane.
Pilandok var tidlegare rekna som ein underart av T. napu, men blei fråskild frå denne art på grunn av skilnader i utforminga av skallen.