dcsimg

Heilo ( Norveççe )

wikipedia NN tarafından sağlandı

Heilo (Pluvialis apricaria) er ein fugleart i lofamilien. Ho er ein vadefugl som hekkar på heier og tundra i nordlege Europa, inkludert Island og Fennoskandia, dessutan austover i Sibir til området sør for Tajmyrhalvøya. Dei er flyttfuglar med overvintringsområde i Storbritannia, Irland, Mellom-Europa og rundt Middelhavet.[2] Trekket sørover startar i slutten av juli og går føre seg til tidleg i oktober. Dei vaksne fuglane reiser først. Fuglane kjem attende til låglandet og kysten i sør frå slutten av mars, og til hekkeplassane er dei komne i byrjinga av mai. Spesielt i seine vårar kan flokkar av heilo halde seg på innmark i låglandet medan dei ventar på snøsmeltinga i høgareliggande strok.

 src=
Unge og egg frå heilo på eit færøysk frimerke.

Kjenneteikn

Heilo har ein slank kroppsfasong, rundvore hovud og lange vadeføter. Samanlikna med andre vadefuglar har ho kort nebb. Dei er mellom 150 til 200 gram tunge og rundt 27 cm lange. Vengespennet er frå 53 til 59 cm.

Fuglen har ei gulspetta overside og kvite armholer. Undersida er flekka gråbrun. Om våren og under hekketida om sommaren har han eit svart felt frå nebbet og nedover med beina, som særleg gjer hannen lett kjennbar med svart bryst og strupe som er innramma av ei kvit rand. Hoa er også mørk på undersida men ofte med mindre kontrast enn hannen.

Heiloa kan forvekslast med tundralo. Tundraloa har gråkvite flekkar på oversida og svartbrune akselfjør på undersida av vengefestet underside. Tundraloa hekkar ikkje i Noreg, men er å sjå langs kysten under trekket.

Forplanting

 src=
Heiloegg.

Heiloa hekkar (april-juli) helst i høgtliggande strøk på opne område i vier- og bjørkebeltet, i kyststrøk på lynghei. Reiret er eit søkk i bakken, kledt med gras. Ho legger om lag 3 egg. Båe kjønn tar del i ruginga. Egga klekkjer etter 27-30 dagar, ungane er flygeferdige etter 30-33 dagar.

Men Heluna, vene brune Fuglen
med svarte Fløyels Barm, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
daa Vert eg i Hjarta varm.
Men Heluna, vene brune Fuglen,
som stig meg so stilt imot, —
kvar Gong ho fløytar paa lyuggraa Tuve,
det græt meg i Hjarterot.
Arne Garborg
«Fuglar» i Haugtussa.
Communauté silhouette modif.jpg
Heluna er eit anna namn for heilo.

Åtferd

Utover hausten samlar heiloa seg i flokkar. Dei trekker so sørover for overvintring. I sommarhalvåret har ho ein kjend lokketone (fonetisk: tlyy). Ho livnærer seg på mark, insekt og biller, i tillegg til litt bær og frø.

Utbreiing i Noreg

Heiloa er å finna over heile Noreg og har ein bestand på om lag 130 000 par.[3] Ho hekker over det meste av landet, men er mindre utbreidd på Austlandet og Sørlandet. Fuglen er delvis jaktbar. Sporadisk finst heilo òg på Svalbard.[4]

Kjelder

  • Fonstad, Tore; Benny Génsbøl, Morten Günther, Jens Frimer Andersen, Bjarne Bertel (2008), Aschehougs fuglebok med CD-er, Oslo: Aschehoug, ISBN 978-82-03-23569-6 Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  • Peder Fiske, 1994, Artsomtale: Pluvialis apricaria – heilo, S. 176 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu, henta 22. oktober 2011

Referansar

  1. Rødlistedatabasen (vitja 3. desember 2011)
  2. Fonstad et al (2008)
  3. Peder Fiske (1994) i Norsk fugleatlas
  4. Strøm, H. Svalbards fugler. s. 86-191 Svalbards fugler og pattedyr (K. M. Kovacs & C. Lydersen, red.). Polarhåndbok Nr. 13, Norsk Polarinstitutt 2006

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Heilo
  • Norsk Fugleatlas, 1994.
lisans
cc-by-sa-3.0
telif hakkı
Wikipedia authors and editors
orijinal
kaynağı ziyaret et
ortak site
wikipedia NN

Heilo: Brief Summary ( Norveççe )

wikipedia NN tarafından sağlandı

Heilo (Pluvialis apricaria) er ein fugleart i lofamilien. Ho er ein vadefugl som hekkar på heier og tundra i nordlege Europa, inkludert Island og Fennoskandia, dessutan austover i Sibir til området sør for Tajmyrhalvøya. Dei er flyttfuglar med overvintringsområde i Storbritannia, Irland, Mellom-Europa og rundt Middelhavet. Trekket sørover startar i slutten av juli og går føre seg til tidleg i oktober. Dei vaksne fuglane reiser først. Fuglane kjem attende til låglandet og kysten i sør frå slutten av mars, og til hekkeplassane er dei komne i byrjinga av mai. Spesielt i seine vårar kan flokkar av heilo halde seg på innmark i låglandet medan dei ventar på snøsmeltinga i høgareliggande strok.

 src= Unge og egg frå heilo på eit færøysk frimerke.
lisans
cc-by-sa-3.0
telif hakkı
Wikipedia authors and editors
orijinal
kaynağı ziyaret et
ortak site
wikipedia NN

Heilo ( Norveççe )

wikipedia NO tarafından sağlandı
For plateselskapet Heilo, se Heilo (plateselskap)
 src=
Pluvialis apricaria

Heilo (Pluvialis apricaria) er en art i lofamilien og regnes som en kortdistansetrekkfugl.

Utseende

Heilo er ca. 26-29 cm lang og veier mellom 150 til 200 gram. Vingespennet er fra 53 til 59 cm. Heilo er en vadefugl. Den har rundt hode og en flekket overside i gråbrune og nesten gule farger. Om våren og gjennom hekktiden er hannen umiskjennelig med sitt svarte bryst og den svarte strupen som er innrammet av en hvit rand. Hunnen er også mørk på undersiden men ikke med så mye kontrast som hannen. Det finnes store variasjoner så det er ikke alltid like lett å skille hann og hunn.

Underarter

Heilo finnes i to former eller underarter i Norge, vanlig heilo (nordlig, alpin) og sørlig heilo. Den sørlige formen hekker bare på Jæren og Lista, samt på større åpne myrer sørøst i Akershus og Østfold.[1] Den vanlige heiloen hekker over det meste av landet, men er mindre utbredt på Østlandet og Sørlandet.

Atferd

Heiloen legger 4 egg som klekkes etter 27-31 døgn. Ungene forlater reiret etter kort tid, og blir passet av begge foreldre om lag en måned. Heilo er en utpreget trekkfugl, som overvintrer på De britiske øyer og i det sørlige Europa.

Referanser

  1. ^ «Underarter av fugler i Østfold» (PDF). Fylkesmannen i Østfold. 15. juni 1998. Arkivert fra originalen (PDF) 24. september 2015. Besøkt 15. august 2015.


Eksterne lenker

lisans
cc-by-sa-3.0
telif hakkı
Wikipedia forfattere og redaktører
orijinal
kaynağı ziyaret et
ortak site
wikipedia NO

Heilo: Brief Summary ( Norveççe )

wikipedia NO tarafından sağlandı
For plateselskapet Heilo, se Heilo (plateselskap)  src= Pluvialis apricaria

Heilo (Pluvialis apricaria) er en art i lofamilien og regnes som en kortdistansetrekkfugl.

lisans
cc-by-sa-3.0
telif hakkı
Wikipedia forfattere og redaktører
orijinal
kaynağı ziyaret et
ortak site
wikipedia NO