dcsimg

Sumpsongarfamilien ( Norveççe )

wikipedia NN tarafından sağlandı

Sumpsongarfamilien, Locustellidae, er ein biologisk familie av små insektetande «songarar», tidlegare plassert i oppsamlingstaksonet Sylviidae. Desse fuglane finst hovudsakleg i Eurasia, Afrika, og den australske regionen.[1]

Artane denne familien er små fuglar, vanlegvis med lang og spiss stjert. Dei er mindre smett-aktige enn dei typiske Cettia-songarar, men som Cettia kjedelig brunaktig eller brungul i heile fjørdrakta. Vanlegvis er sumpsongarar større og slankare enn Cettia, og mange har kraftige, mørke striper på venger og / eller på undersida. Dei fleste lever i kratt og jaktar ofte bytte ved klatring i tjukke samanfiltra vekstar eller ved å følgje byttet på bakken, dei er kanskje dei mest bakkelevande av alle «songarar». Særs uvanleg for Passeriformes, i somme takson i denne familien kan ein observere begynnande evolusjon i retning tap av flygeevne.[2]

Blant alle familiar av «songarar» og timalar i superfamilien Sylvioidea, ligg sumpsongarar nærast gassarsongarfamilien, ein annan nyleg anerkjent familie.

Artslista

Dei 60 nolevande, anerkjente medlemmene av sumpsongarfamilien[3] i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

Slekt Robsonius
Slekt Megalurus
  • Spinifexsongar, Megalurus carteri, Spinifexbird, North, 1900, (LC)
  • Bregnesongar, Megalurus punctatus, Fernbird, Quoy & Gaimard, 1832, (LC)
  • Tussoksongar, Megalurus gramineus, Little Grassbird, Gould, 1845, (LC)
  • Brunlerkesongar, Megalurus cruralis, Brown Songlark, Vigors & Horsfield, 1827, (LC)
  • Nymfesongar, Megalurus timoriensis, Tawny Grassbird, Wallace, 1864, (LC)
  • Rustgumplerkesongar, Megalurus mathewsi, Rufous Songlark, Iredale, 1911, (LC)
  • Vipphalesongar, Megalurus palustris, Striated Grassbird, Horsfield, 1821, (LC)
  • Flomsongar, Megalurus albolimbatus, Fly River Grassbird, D'Albertis & Salvadori, 1879, (VU)
Slekt Malia
  • Malia, Malia grata, Malia, Schlegel, 1880, (LC)
Slekt Schoenicola
  • Storhalesongar, Schoenicola brevirostris, Fan-tailed Grassbird, Sundevall, 1850, (LC)
  • Breihalesongar, Schoenicola platyurus, Broad-tailed Grassbird, Jerdon, 1841, (VU)
Slekt Bradypterus
  • Zulusongar, Bradypterus barratti, Barratt's Warbler, Sharpe, 1876, (LC)
  • Bangwasongar, Bradypterus bangwaensis, Bangwa Warbler, Delacour, 1943, (NT)
  • Regnskogsongar, Bradypterus lopezi, Evergreen-forest Warbler, Alexander, 1903, (LC)
  • Kanelsongar, Bradypterus cinnamomeus, Cinnamon Bracken-Warbler, Rüppell, 1840, (LC)
  • Musesongar, Bradypterus sylvaticus, Knysna Warbler, Sundevall, 1860, (VU)
  • Brunflishale, Bradypterus brunneus, Brown Emutail, Sharpe, 1877, (LC)
  • Hutusongar, Bradypterus graueri, Grauer's Swamp Warbler, Neumann, 1908, (EN)
  • Bantusongar, Bradypterus baboecala, Little Rush-Warbler, Vieillot, 1817, (LC)
  • Djasongar, Bradypterus grandis, Dja River Swamp Warbler, Ogilvie-Grant, 1917, (NT)
  • Kvitvengsongar, Bradypterus carpalis, White-winged Swamp Warbler, Chapin, 1916, (LC)
  • Riftsongar, Bradypterus alfredi, Bamboo Warbler, Hartlaub, 1890, (LC)
Slekt Locustella
  • Urtesongar, Locustella fasciolata, Gray's Grasshopper-Warbler, Gray, GR, 1861, (LC)
  • Sakhalinsongar, Locustella amnicola, Sakhalin Grasshopper-Warbler, Stepanyan, 1972, (LC)
  • Strandsongar, Locustella pryeri, Marsh Grassbird, Seebohm, 1884, (NT)
  • Starrsongar, Locustella certhiola, Pallas's Grasshopper-Warbler, Pallas, 1811, (LC)
  • Okhotsksongar, Locustella ochotensis, Middendorff's Grasshopper-Warbler, Middendorff, 1853, (LC)
  • Engsongar, Locustella pleskei, Pleske's Grasshopper-Warbler, Taczanowski, 1890, (VU)
  • Stripesongar, Locustella lanceolata, Lanceolated Warbler, Temminck, 1840, (LC)
  • Elvesongar, Locustella fluviatilis, Eurasian River Warbler, Wolf, 1810, (LC)
  • Sumpsongar, Locustella luscinioides, Savi's Warbler, Savi, 1824, (LC)
  • Lærsongar, Locustella luteoventris, Brown Bush Warbler, Hodgson, 1845, (LC)
  • Smygesongar, Locustella tacsanowskia, Chinese Bush Warbler, Swinhoe, 1871, (LC)
  • Langnebbsongar, Locustella major, Long-billed Bush Warbler, Brooks, WE, 1871, (NT)
  • Grashoppesongar, Locustella naevia, Common Grasshopper-Warbler, Boddaert, 1783, (LC)
  • Langhalesongar, Locustella caudata, Long-tailed Bush Warbler, Ogilvie-Grant, 1895, (LC)
  • Kastanjeryggsongar, Locustella castanea, Chestnut-backed Bush Warbler, Büttikofer, 1893, (LC)
  • Bajkalsongar, Locustella davidi, Baikal Bush Warbler, La Touche, 1923, (LC)
  • Siwaliksongar, Locustella kashmirensis, West Himalayan Bush Warbler, Sushkin, 1925, (LC)
  • Flekkbrystsongar, Locustella thoracica, Spotted Bush Warbler, Blyth, 1845, (LC)
  • Taiwansongar, Locustella alishanensis, Taiwan Bush Warbler, Rasmussen, Round, Dickinson & Rozendaal, 2000, (LC)
  • Kinabalusongar, Locustella accentor, Friendly Bush Warbler, Sharpe, 1888, (LC)
  • Smettesongar, Locustella mandelli, Russet Bush Warbler, Brooks, WE, 1875, (LC)
  • Taosongar, Locustella chengi, Sichuan Bush Warbler, Alström et al, 2015, (LC)
  • Benguetsongar, Locustella seebohmi, Benguet Bush Warbler, Ogilvie-Grant, 1895, (LC)
  • Javasongar, Locustella montis, Javan Bush Warbler, Hartert, 1896, (LC)
  • Mutissongar, Locustella timorensis, Timor Bush Warbler
Slekt Elaphrornis
  • Veddasongar, Elaphrornis palliseri, Sri Lanka Bush Warbler, Blyth, 1851, (NT)
Slekt Amphilais
  • Gråflishale, Amphilais seebohmi, Gray Emutail, Sharpe, 1879, (LC)
Slekt Buettikoferella
  • Okersongar, Buettikoferella bivittata, Buff-banded Bushbird, Bonaparte, 1850, (LC)
Slekt Megalurulus
  • Kanaksongar, Megalurulus mariei, New Caledonian Grassbird, Verreaux, J, 1869, (LC)
  • Nakanaisongar, Megalurulus grosvenori, Bismarck Thicketbird, Gilliard, 1960, (VU)
  • Bougainvillesongar, Megalurulus llaneae, Bougainville Thicketbird, Hadden, 1983, (NT)
  • Melanesiasongar, Megalurulus whitneyi, Guadalcanal Thicketbird, Mayr, 1933, (LC)
  • Nybritanniasongar, Megalurulus rubiginosus, Rusty Thicketbird, Sclater, PL, 1881, (LC)
Slekt Trichocichla
  • Langbeinsongar, Trichocichla rufa, Long-legged Warbler, Reichenow, 1890, (EN)
Slekt Chaetornis
  • Børstesongar, Chaetornis striata, Bristled Grassbird, Jerdon, 1841, (VU)

Kjelder

  • Alström, P.; Ericson, P.G.P.; Olsson, U. & Sundberg, P. (2006): Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea. Molecular Phylogenetics and Evolution 38(2): 381–397. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.015 PDF fulltext
  • Beresford, P.; Barker, F.K.; Ryan, P.G.; & Crowe, T.M. (2005): African endemics span the tree of songbirds (Passeri): molecular systematics of several evolutionary 'enigmas'. Proceedings of the Royal Society 272 (1565): 849–858. doi:10.1098/rspb.2004.2997PDF fulltext Electronic appendix

Referansar

  1. Alström et al. (2006)
  2. del Hoyo et al. (2006)
  3. Norsk Ornitologisk Forening, Vedlegg til norske fuglenavn, tabell 3. 7. august 2014
  4. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

lisans
cc-by-sa-3.0
telif hakkı
Wikipedia authors and editors
orijinal
kaynağı ziyaret et
ortak site
wikipedia NN

Sumpsongarfamilien: Brief Summary ( Norveççe )

wikipedia NN tarafından sağlandı

Sumpsongarfamilien, Locustellidae, er ein biologisk familie av små insektetande «songarar», tidlegare plassert i oppsamlingstaksonet Sylviidae. Desse fuglane finst hovudsakleg i Eurasia, Afrika, og den australske regionen.

Artane denne familien er små fuglar, vanlegvis med lang og spiss stjert. Dei er mindre smett-aktige enn dei typiske Cettia-songarar, men som Cettia kjedelig brunaktig eller brungul i heile fjørdrakta. Vanlegvis er sumpsongarar større og slankare enn Cettia, og mange har kraftige, mørke striper på venger og / eller på undersida. Dei fleste lever i kratt og jaktar ofte bytte ved klatring i tjukke samanfiltra vekstar eller ved å følgje byttet på bakken, dei er kanskje dei mest bakkelevande av alle «songarar». Særs uvanleg for Passeriformes, i somme takson i denne familien kan ein observere begynnande evolusjon i retning tap av flygeevne.

Blant alle familiar av «songarar» og timalar i superfamilien Sylvioidea, ligg sumpsongarar nærast gassarsongarfamilien, ein annan nyleg anerkjent familie.

lisans
cc-by-sa-3.0
telif hakkı
Wikipedia authors and editors
orijinal
kaynağı ziyaret et
ortak site
wikipedia NN