Retrovirus (Retroviridae) er ein familie av enkelttråda RNA-virus som nyttar dobbelttråda DNA som mellomsteg i økslinga. Dei har membranar[1] og positiv RNA-polaritet, og vert delte inn i dei to underfamiliane Orthoretrovirinae og Spumavirinae. DNA-utgåva av genomet til retrovirus har ein storleik på mellom 8 og 12 kilobasar, avhengig av virus. Dei har ryggradsdyr som vertar, inkludert pattedyr, fiskar, fuglar, krypdyr og amfibium.[2]
HIV-viruset er eit døme på eit retrovirus.[2]
Under økslinga nyttar retrovirus enzymet revers transkriptase (oppdaga i 1970) til å laga eit DNA-mellomsteg. Ein integrase vert deretter nytta til å lima inn mellomsteget i genomet til sella som vert infisert, og lagar slik eit provirus.[2][3] Denne prosessen lagar brot i DNA-molekylet proviruset vart sett inn i og som truleg lyt vølast av protein frå vertssella.[4] Etter innsetjinga i vertssellegenomet kan proviruset styra avskriving av DNA.[2]
Retroviruspartiklar knoppar seg ut av sellemembranen til ei vertsselle i ei umogen form. Fleire steg katalyserte av virusproteasar gjer partikkelen mogen slik at han kan gå inn i nye vertsseller.[5]
Alle retrovirus har dei tre gena gag, pro, pol og env.[2] gag kodar for strukturelle protein.[5] pro kodar for virusproteasen.[2] pol kodar for revers transkriptase og integrase.[2] env kodar for glykoprotein i virusmembranen som gjer det mogeleg for viruset å gå inn i ei vertsselle.[2][6]
Om sella retroviruset infiserer er ei kjønnsselle, kan det innsette virusgenomet gå i arv over fleire generasjon. Slike sekvendar vert kalla indre (endogene) retrovirus. Det er vanleg at genoma til ryggradsdyr inneheld hundretusenvis av uverksame DNA-sekvensar frå retrovirusgenom.[2] Det er rekna at 5 til 8 % av menneskegenomet er slike restar etter genoma til retrovirus.[7]
Retrovirus (Retroviridae) er ein familie av enkelttråda RNA-virus som nyttar dobbelttråda DNA som mellomsteg i økslinga. Dei har membranar og positiv RNA-polaritet, og vert delte inn i dei to underfamiliane Orthoretrovirinae og Spumavirinae. DNA-utgåva av genomet til retrovirus har ein storleik på mellom 8 og 12 kilobasar, avhengig av virus. Dei har ryggradsdyr som vertar, inkludert pattedyr, fiskar, fuglar, krypdyr og amfibium.
HIV-viruset er eit døme på eit retrovirus.
Retrovirus er en type virus som har RNA som arvestoff. De fleste av retrovirusene forårsaker sykdommer som blant annet aids og enkelte kreftformer hos pattedyr.
Disse virusene angriper levende celler (i motsetning til bakteriofager, som angriper bakterier) og binder seg til celleoverflaten, for så å sende inn RNA-et sitt i cellen.
RNA-tråden fra viruset bygger opp en DNA-tråd, som binder seg til vertscellens DNA. Deretter er alt som trengs en liten trigger (feks. ved en infeksjon), og cellen setter igang produksjon av nye virus.
Flere celler ødelegges og immunforsvaret reduseres.

Denne medisinrelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.