Ficus religiosa, også kjend som heilag fiken, gudefiken, pipal[2] og bo- eller bodhitre,[3] er eit tre i fikenslekta som er utbreidd i Sør- og Søraust-Asia. Treet er viktig i buddhismen, djainismen og hinduismen. Buddhistiske overleveringar fortel at Gautama Buddha oppnådde oppvakning under eit slikt tre. Fikentreet er også ein tradisjonell medisinplante.
Ficus religiosa kan bli opptil 20 meter høg.[1] Borken er gråleg og sprekk etterkvart som han blir eldre. Blada er runde på fasong med ein lang flik i enden, tynne og med skinande overflate. Dei har 5-7 sidevener. Fruktene er små, på storleik med ein pupill. Dei er grøne som kart og svarte når dei er mogne.[4]
Treet blir pollinert av ein særskild veps, Blastophaga quadraticeps. På stader der både fikentreet og vepsen er innført, som Israel, Florida og Hawaii, kan Ficus religiosa vera ein invasiv art.[5]
Treet kjem opphavleg frå eit område frå Himalaya til Sør-Kina, Vietnam og Nord-Thailand. Det er utbreidd som avenytre og tempeltre, både ved hindu- og buddhisttempel.
Borken frå treet har lenge vore brukt som medisin mot sår, smittestoff, diaré, diabetes og gonorré. Blada er blitt brukt mot hudsjukdommar, giftstoff og for å regulera menstruasjonssyklusen. Frukta er blitt brukt som avføringsmiddel, og i pulverform til å behandla astma. Medisinske forsøk har mellom anna påvist verknader mot fleire smittestoff og parasittar og at planten har ein god effekt mot diabetes.[4]
Ficus religiosa, også kjend som heilag fiken, gudefiken, pipal og bo- eller bodhitre, er eit tre i fikenslekta som er utbreidd i Sør- og Søraust-Asia. Treet er viktig i buddhismen, djainismen og hinduismen. Buddhistiske overleveringar fortel at Gautama Buddha oppnådde oppvakning under eit slikt tre. Fikentreet er også ein tradisjonell medisinplante.
BladFicus religiosa kan bli opptil 20 meter høg. Borken er gråleg og sprekk etterkvart som han blir eldre. Blada er runde på fasong med ein lang flik i enden, tynne og med skinande overflate. Dei har 5-7 sidevener. Fruktene er små, på storleik med ein pupill. Dei er grøne som kart og svarte når dei er mogne.
Treet blir pollinert av ein særskild veps, Blastophaga quadraticeps. På stader der både fikentreet og vepsen er innført, som Israel, Florida og Hawaii, kan Ficus religiosa vera ein invasiv art.
Treet kjem opphavleg frå eit område frå Himalaya til Sør-Kina, Vietnam og Nord-Thailand. Det er utbreidd som avenytre og tempeltre, både ved hindu- og buddhisttempel.
Borken frå treet har lenge vore brukt som medisin mot sår, smittestoff, diaré, diabetes og gonorré. Blada er blitt brukt mot hudsjukdommar, giftstoff og for å regulera menstruasjonssyklusen. Frukta er blitt brukt som avføringsmiddel, og i pulverform til å behandla astma. Medisinske forsøk har mellom anna påvist verknader mot fleire smittestoff og parasittar og at planten har ein god effekt mot diabetes.