dcsimg

Munkeparakitt ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Munkeparakitt (Myiopsitta monachus) er ein fugl i parakittfamilien, Psittacidae. Munkeparakitten stammar frå tempererte til subtropiske område av Argentina og nabolanda i Sør-Amerika. Særleg i Nord-Amerika og Europa finst det mange forvilla populasjonar.

Denne papegøyen er 29 cm lang i gjennomsnitt, og har vengespenn på 48 cm, han veg 100 gram. Hofuglar har ein tendens til å vere 10-20 % mindre. Fuglen er overvegande grøn og har den typiske lange papegøyehalen. Panna er blåaktig til grå, resten av hovudet og brystet er grått. Nebbet er oransje eller lyst brunleg. Munkeparakitten har ein grå ring rundt augo og grå føter. Handvengfjørene er blå og svarte, undersida av vengene og lysgrå til blassblåleg. Halefjøra syner ei blå og grøn teikning, undersida er lys grøn til lyseblå. Kjønna er heilt like i fjørdrakta.

Fuglar i fangenskap har andre farger enn den naturlege fjørdrakta. Slike fuglar syner mellom anna kvitt, blått og gult i staden for grønt. Ettersom slike farger gjev dårlegare kamuflasje, liknar forvilla fuglar meir på dei ville fuglane i farger.

Kjelder

licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN

Munkeparakitt: Brief Summary ( Norueguês )