dcsimg

Enghumleblom ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Enghumleblom er ei fleirårig urt som høyrer til rosefamilien.

Utsjånad

Enghumleblomen har jordstengel som veks eit kort stykke kvart år. Jordstengelen har svak nelliklukt. Enghumleblomen overvintrar med ein friskt grøn bladrosett på jordoverflata. Neste vår skyt det stenglar opp frå bladhjørna i rosetten. På toppen av stengelen, som vert opp til 50 centimeter lang, sit blomen. Ofte er det to blomar på kvar stengel. Blomen har eit klokkeforma beger som er purpurbrunt og lode. Kronblada er mørkt rosa. Det store begeret gjer at blomen alltid verkar halvopen. Blomen er lutande, men rettar seg opp når frøa mognar. Han blømer ofte i mai.

Griffelen fell ikkje av etter pollineringa. Når frøa mognar veks han til ein krok. Når kroken brotnar vert griffelenden hard og skarp. Kroken krøkjer seg da lett fast i dyr og menneske. På den måten kan frøa verte spreidde.

Utbreiing

Enghumleblom veks ved bekkar og på fuktige lysningar i skogen. Han veks over Sentral- og Mellom-Europa. I Noreg veks han over heile landet, og over skoggrensa. På Dovre er han funnen opp til 1460 m.o.h.

Kjelder

  • Pål Hermansen: Våre vakreste fjellplanter. Universitetsforlaget 1985
  • C. A .M. Lindman: Nordens Flora. Oslo 1977
  • Knut Fægri: Norges Planter Oslo 1970
licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN

Enghumleblom: Brief Summary ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Enghumleblom er ei fleirårig urt som høyrer til rosefamilien.

licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN