dcsimg

Diomedea ( Norwegian )

provided by wikipedia NN


Kongealbatross Foto: JJ Harrison
Kongealbatross
Foto: JJ Harrison
Systematikk Klasse: Aves Orden: Procellariiformes Familie: Diomedeidae Slekt: Diomedea Artar
  • D. epomophora
  • Vitskapleg namn Diomedea

    Diomedea er ei biologisk slekt av dei største albatrossane. Namnet kjem frå den greske helten Diomedes, som etter legenda vart driven til Italia av ein storm og stranda med følgjesveinane sine som vart til fuglar.[1]

    Skildring

    Dette er ikkje berre dei største albatrossane, men òg blant dei største av alle flygande fuglar. Og dei har dei største vengespenna av alle fuglar, med eit gjennomsnitt på over 3 meter. Store vaksne hannar av desse to artane kan overstige 11 kg i vekt,[2] og er likeså tung som ei stor svane.

    Diomedea-albatrossane er hovudsakleg kvite i fjørdrakt som vaksne, og blir kvitare med alderen. Kongealbatross i alle aldrar og storleikar, eldre hannar av vandrealbatross er heilt kvite som funksjonsfriske, medan vaksne hoer og yngre eksemplar har mørke pennemerke på fjørkantane. Vanlegvis har dei mindre underartane og ungfuglar meir mørkebrun farge. Den nyleg oppdaga underarten D. exulans amsterdamensis held på den mørkebrune fjørdrakta av ungfuglar inn i vaksenlivet.

    Dette er store sjøfuglar med ei sirkumpolar utbreiing i Sørishavet, og hekkar på isolerte øyar. Vandrealbatrossane hekkar på øyar rundt Sørishavet, frå Atlanterhavet, Sør-Georgia og Tristan da Cunha, til Indiahavet og sub-antarktiske øyar utanfor New Zealand. Kongealbatrossane hekkar berre på New Zealands sub-antarktiske øyar, med ein uvanleg koloni på Otago-halvøya på New Zealand.

    Taksonomi

    Diomedea-albatrossar med underartar, etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [3]

    Notar
    • I versjon 5.1 av IOC World Bird List er fire av underartane i Diomedea opphøgd til artar og der er lista til saman seks artar.[4]
    1. Opphøgd til art av IOC World Bird List

    Kjelder

    • Gotch, A. F. (1995) [1979]. «Albatrosses, Fulmars, Shearwaters, and Petrels». Latin Names Explained. A Guide to the Scientific Classifications of Reptiles, Birds & Mammals. New York, NY: Facts on File. s. 190. ISBN 0 8160 3377 3.
    • Haaramo, Mikko (2005): Mikko's Phylogeny Archive: Diomedeidae - albatrosses. Version of 2005-11-15. Retrieved 2006-09-25.
    • Nunn, Gary B.; Cooper, John; Jouventin, Pierre; Robertson, Chris J. R. & Robertson Graham G. (1996): Evolutionary relationships among extant albatrosses (Procellariiformes: Diomedeidae) established from complete cytochrome-b gene sequences. Auk 113(4): 784-801. PDF fulltext
    • Olson, Storrs L. (1985): Section X, H, 1. Diomedeidae. In: Farner, D.S.; King, J.R. & Parkes, Kenneth C. (eds.): Avian Biology 8: 208-210. Academic Press, New York.
    • Penhallurick, John & Wink, Michael (2004): Analysis of the taxonomy and nomenclature of the Procellariformes based on complete nucleotide sequences of the mitochondrial cytochrome b gene. Emu 104(2): 125-147. doi:10.1071/MU01060 (HTML abstract)
    • Rheindt, F. E. & Austin, J. (2005): Major analytical and conceptual shortcomings in a recent taxonomic revision of the Procellariiformes - A reply to Penhallurick and Wink (2004). Emu 105(2): 181-186. doi:10.1071/MU04039 PDF fulltext

    Referansar

    1. Gotch, A. F. (1995)
    2. Lindsey, Terence (30. september 2008). Albatrosses. Csiro Publishing. s. 9. ISBN 9780643094215. External link in |title= (hjelp)
    3. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012
    4. Gill, F. & D. Donsker (Eds). 2015. IOC World Bird Names (version 5.1) Lest 7. februar 2015
    license
    cc-by-sa-3.0
    copyright
    Wikipedia authors and editors
    original
    visit source
    partner site
    wikipedia NN

    Diomedea: Brief Summary ( Norwegian )

    provided by wikipedia NN

    Diomedea er ei biologisk slekt av dei største albatrossane. Namnet kjem frå den greske helten Diomedes, som etter legenda vart driven til Italia av ein storm og stranda med følgjesveinane sine som vart til fuglar.

    license
    cc-by-sa-3.0
    copyright
    Wikipedia authors and editors
    original
    visit source
    partner site
    wikipedia NN