dcsimg

Børstehovud ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Børstehovud, Pityriasis gymnocephala, er ein middels stor sporvefugl, einaste medlemmen i den biologiske slekta Pityriasis og i familien Pityriaseidae. Dette er ein gåtefull og uvanleg art i regnskogen i Borneo.[1]

Børstehovud er middels stor, ca. 25 centimeter i lengd, ein svart eller mørk grå fugl, med raude leggar og raud farge på hals og nakke, har grå øyredekkjarar og øvre del av hovudet er ei fjørlaus, gul, «krone». Fuglen har ein kvit vengeflekk, synleg i flukt, og hoer har òg raude flekker på kroppssidene. Han har eit massivt, tungt, svart nebb med liten krok i enden, og ein kort hale, det gjev fuglen ein butt utsjånad. Krona er dekt av korte, 3-4 mm lange gule eller stråfarga utvekstar som liknar berre fjørposar, det har gjeve namnet 'børstehovud'. Ungfuglar har svarte bein, raude øyredekkjarar, ein raud augering, berre nokre raude fjører på hovudet og har ikkje utvikla bustene.[2]

Dette er ein støyande art som gjev ei rekkje umusikalske lydytringar, inkludert karakteristiske høge, nasale klynketonar blanda inn med sterkare tonar, plystretonar, støyt og kakklingar.[1][3]

Børstehovud er endemisk til øya Borneo, lever i låglandet opp til 1200 moh., sjølv om populasjonen er sparsam, usamanhengjande og uføreseieleg. Dei kan finnast både i primærskog og i planta skog i låglandet, inkludert sumpskogane på Borneo, blandaskog av Dipterocarpaceae-tre og i mangroveskog.[3]

Børstehovud er ein sosial art som ofte flyttar seg i små bråkete flokkar på 6-10 fuglar i dei midtre og øvre høgder i skogen, nokre gonger i blandingsflokkar med andre skogsfuglar som malkohaer, timalar, drongoar, trogonar, spettar og hornfuglar. Rørslene oppe i skogkrona er treige og tunge, og dei flyg med raske, lette vengeslag.[1][3]

Dei lever hovudsakleg av store virvellause dyr, spesielt rettvengjer, pinnedyr, biller, sommarfuglar, sikadar, kakerlakkar, termittar og edderkoppar som dei plukkar frå trelauv, kvistar, greiner og trestammar. Dei vil òg ete små virveldyr og frukt.[1][3]

Forplantingsbiologien er i stor grad ukjent for denne arten.

Klassifisering av arten har vore kontroversiell. Til tider har han vore plassert i Prionopidae, hjelmvarslarar, i Cracticidae, slaktarfuglar, i Artamidae, svalestarar, eller i Corvidae, kråker.[3][4][5]

Den største trugsmålet mot arten børstehovud kjem frå habitatøydelegging gjennom skogshogst i låglandsurskog og frå brenning av sumpskog, og arten har ganske sikkert gjennomgått ein nedgang i bestanden. Men dei lever òg i mindre påverka skogsider slik at dei er klassifisert som 'nær truga'.[6]

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 MacKinnon, John; & Phillipps, Karen. (1993). A Field Guide to the Birds of Borneo, Sumatra, Java and Bali. OUP: Oxford. ISBN 0-19-854035-3
  2. Colenutt, Simon. (2002). Little known Oriental bird: Bornean Bristlehead. Oriental Bird Club Bulletin 35.[1]
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Smythies, B.E.; & Davison, G.W.H. (1999). The Birds of Borneo. Natural History Publications (Borneo): Kota Kinabalu. pp.606-608.
  4. Museum Victoria collections
  5. Discover Life - Corvidae
  6. BirdLife International (2010) Species factsheet: Pityriasis gymnocephala. Downloaded from http://www.birdlife.org on 29/10/2010
лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Børstehovud: Brief Summary ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Børstehovud, Pityriasis gymnocephala, er ein middels stor sporvefugl, einaste medlemmen i den biologiske slekta Pityriasis og i familien Pityriaseidae. Dette er ein gåtefull og uvanleg art i regnskogen i Borneo.

Børstehovud er middels stor, ca. 25 centimeter i lengd, ein svart eller mørk grå fugl, med raude leggar og raud farge på hals og nakke, har grå øyredekkjarar og øvre del av hovudet er ei fjørlaus, gul, «krone». Fuglen har ein kvit vengeflekk, synleg i flukt, og hoer har òg raude flekker på kroppssidene. Han har eit massivt, tungt, svart nebb med liten krok i enden, og ein kort hale, det gjev fuglen ein butt utsjånad. Krona er dekt av korte, 3-4 mm lange gule eller stråfarga utvekstar som liknar berre fjørposar, det har gjeve namnet 'børstehovud'. Ungfuglar har svarte bein, raude øyredekkjarar, ein raud augering, berre nokre raude fjører på hovudet og har ikkje utvikla bustene.

Dette er ein støyande art som gjev ei rekkje umusikalske lydytringar, inkludert karakteristiske høge, nasale klynketonar blanda inn med sterkare tonar, plystretonar, støyt og kakklingar.

Børstehovud er endemisk til øya Borneo, lever i låglandet opp til 1200 moh., sjølv om populasjonen er sparsam, usamanhengjande og uføreseieleg. Dei kan finnast både i primærskog og i planta skog i låglandet, inkludert sumpskogane på Borneo, blandaskog av Dipterocarpaceae-tre og i mangroveskog.

Børstehovud er ein sosial art som ofte flyttar seg i små bråkete flokkar på 6-10 fuglar i dei midtre og øvre høgder i skogen, nokre gonger i blandingsflokkar med andre skogsfuglar som malkohaer, timalar, drongoar, trogonar, spettar og hornfuglar. Rørslene oppe i skogkrona er treige og tunge, og dei flyg med raske, lette vengeslag.

Dei lever hovudsakleg av store virvellause dyr, spesielt rettvengjer, pinnedyr, biller, sommarfuglar, sikadar, kakerlakkar, termittar og edderkoppar som dei plukkar frå trelauv, kvistar, greiner og trestammar. Dei vil òg ete små virveldyr og frukt.

Forplantingsbiologien er i stor grad ukjent for denne arten.

Klassifisering av arten har vore kontroversiell. Til tider har han vore plassert i Prionopidae, hjelmvarslarar, i Cracticidae, slaktarfuglar, i Artamidae, svalestarar, eller i Corvidae, kråker.

Den største trugsmålet mot arten børstehovud kjem frå habitatøydelegging gjennom skogshogst i låglandsurskog og frå brenning av sumpskog, og arten har ganske sikkert gjennomgått ein nedgang i bestanden. Men dei lever òg i mindre påverka skogsider slik at dei er klassifisert som 'nær truga'.

лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN