dcsimg

Breiflabb ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Breiflabb eller tradisjonelt marulk (Lophius piscatorius) er ein botnfisk i breiflabbfamilien. Han kan veksa seg opptil 200 cm lang og med ein masse opp til 40 kg. Breidda på hovudet svarer til heile 2/3 av lengda.

 src=
Breiflabb i akvarium.
 src=
Skjelettet til ein breiflabb

Breiflabben er ein botnfisk som lever langs heile norskekysten ned til 2000 meter. Han har ein følar under hovudet som han bruker til leita seg fram med langs den mørke havbotnen og til å finna føde. Den fremste uggestrålen i rygguggen er omdanna til noko som liknar ein liten kjøtbit; med dette agnet lokkar han til seg småfisk, og sluker dei.

 src=
Mann med breiflabb.

I Noreg har breiflabbfiske vore eit slags bifiske, og dei fleste fiskarar har endåtil kasta han uti att som ufisk. Somme var so redde fisken at dei ikkje eingong ville ta han om bord i båten. I dei seinare åra har folk fått opp augo for den gode matfisken, og det blir drive breiflabbfiske med garn og lina. Breiflabben er omtykt mellom dykkarar, som gjerne stikk han med kniv.

Før fisken skal steikast eller kokast, må hovudet, flabbane og slimlaget (feitt og slikt) under skinnet av. Det einaste som er eteleg er ryggen/halen.

Insulin vart fyrste gong isolert frå bukspyttkjertelen til ein breiflabb.

Bakgrunnsstoff

licença
cc-by-sa-3.0
direitos autorais
Wikipedia authors and editors
original
visite a fonte
site do parceiro
wikipedia NN

Breiflabb: Brief Summary ( Norueguês )

fornecido por wikipedia NN

Breiflabb eller tradisjonelt marulk (Lophius piscatorius) er ein botnfisk i breiflabbfamilien. Han kan veksa seg opptil 200 cm lang og med ein masse opp til 40 kg. Breidda på hovudet svarer til heile 2/3 av lengda.

 src= Breiflabb i akvarium.  src= Skjelettet til ein breiflabb

Breiflabben er ein botnfisk som lever langs heile norskekysten ned til 2000 meter. Han har ein følar under hovudet som han bruker til leita seg fram med langs den mørke havbotnen og til å finna føde. Den fremste uggestrålen i rygguggen er omdanna til noko som liknar ein liten kjøtbit; med dette agnet lokkar han til seg småfisk, og sluker dei.

 src= Mann med breiflabb.