Pinus hwangshanensis,[1] Huangshan-furu, er ein furuart som er endemisk til fjella i austlege Kina, i provinsane Anhui, Fujian, Guizhou, Hubei, Hunan, Jiangxi og Zhejiang. Det har namn etter Huangshanfjella i Anhui, der det først blei skildra vitskapleg.
Pinus hwangshanensis er eit eviggrønt tre som kan bli 15-25 meter høgt. Det har ei svært brei krone med flat topp og lange utstrekte greiner. Borken er tjukk, gråleg og skjelete. Blada er mørkegrøne barnåler som blir 5–8 cm lange og 0,8–1 mm breie, dei sit parvis med ei hylse som er 1 cm lang. Dei eggforma konglane er tjukke og samantrykte med ei lengd på 4-6,5 cm. Dei er gulbrume, og opnar når dei er mogne seint på vinteren. Frøa har venger. Dei er 5–6 mm lange med venger på 1,5-2,5 cm. Pollinering skjer midt på våren, og konglane mognar 18–20 månader seinare.
P. hwangshanensis er nært i slekt med japanske P. thunbergii, men skil seg frå denne ved å ha tynnare bar, brune (ikkje kvite) knoppar og tjukkare konglar.
Huangshan-furu veks typisk på middels til store høgder i bratte, steinete fjell. Dei er ein viktig del av det særmerkte landskapet i austlege Kina. Mange enkelttre er blitt vyrda for sine unike former. Dei er ofte blitt avbilda i kinesiske måleri.
Treverket til furua er av høg kvalitet, og har vore brukt til bygging av hus og bruer og til jernbanesviller. Det blir også brukt til golv, panel, gjerde, kryssfinér og papirmasse. Furua er også omtykt som bonsaiplante.[2]
Pinus hwangshanensis, Huangshan-furu, er ein furuart som er endemisk til fjella i austlege Kina, i provinsane Anhui, Fujian, Guizhou, Hubei, Hunan, Jiangxi og Zhejiang. Det har namn etter Huangshanfjella i Anhui, der det først blei skildra vitskapleg.