Dei tre artane i slekta
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Mohoua er ei lita slekt av tre fugleartar, alle er endemiske til New Zealand. Det latinske slektsnamnet er henta frå anten 'mohuahua' eller 'momohua', begge er maori-namn for arten gulhovudmohua.[1] Alle tre artane viser ei viss grad av kjønnsdimorfisme i høve til storleik, med hannar som dei største.[2] Mohoua-artane er sosiale fuglar, og mest utanfor hekkesesongen, og beitar vanlegvis i grupper. Somme tider kan dei delta i fleirartsflokkar, og dannar då ofte kjernen i slike flokkar.[1] I motsetnad til dei fleste artane innan plystrarfamilien, er sosial organisering og åtferd godt dokumentert for alle tre Mohoua-artane. Samarbeidande hekking har vorte observert blant alle tre artar og er vanleg hos kvithovudmohua og gulhovudmohua.[1] Dei tre artane i denne slekta er dei einaste vertane for gaukearten langhalekoel. Han fungerer som ein reirparasitt på dei, legg eit eiget gaukeegg i reiret. Etter klekking presser gaukeungen ut andre egg eller ungar, gauken lèt soleis arbeid med ruging av egga sine og omsut for ungane sine over til vertsparet av mohuaer.[2]
Mohoua har uklåre taksonomiske relasjonar,[3] etter Clementslista fram til versjon 6.8 medlem av plystrarfamilien, Pachycephalidae, men etter september 2014 i versjon 6.9 er slekta monotypisk i ein ny familie Mohouidae.[4]
Mohuaer i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]
Mohoua er ei lita slekt av tre fugleartar, alle er endemiske til New Zealand. Det latinske slektsnamnet er henta frå anten 'mohuahua' eller 'momohua', begge er maori-namn for arten gulhovudmohua. Alle tre artane viser ei viss grad av kjønnsdimorfisme i høve til storleik, med hannar som dei største. Mohoua-artane er sosiale fuglar, og mest utanfor hekkesesongen, og beitar vanlegvis i grupper. Somme tider kan dei delta i fleirartsflokkar, og dannar då ofte kjernen i slike flokkar. I motsetnad til dei fleste artane innan plystrarfamilien, er sosial organisering og åtferd godt dokumentert for alle tre Mohoua-artane. Samarbeidande hekking har vorte observert blant alle tre artar og er vanleg hos kvithovudmohua og gulhovudmohua. Dei tre artane i denne slekta er dei einaste vertane for gaukearten langhalekoel. Han fungerer som ein reirparasitt på dei, legg eit eiget gaukeegg i reiret. Etter klekking presser gaukeungen ut andre egg eller ungar, gauken lèt soleis arbeid med ruging av egga sine og omsut for ungane sine over til vertsparet av mohuaer.
Mohoua har uklåre taksonomiske relasjonar, etter Clementslista fram til versjon 6.8 medlem av plystrarfamilien, Pachycephalidae, men etter september 2014 i versjon 6.9 er slekta monotypisk i ein ny familie Mohouidae.