Colombiatyrann (Myiarchus apicalis) er ein fugl i tyrannfamilien som lever i eit stort utbreiingsområde i Magdalendalen (departementa Santander, Boyacá og Huila), i indre Valle del Cauca-departementet og i Cauca-departementet.
Arten har ein tyisk tyrann-utsjånad, han er mellomstor, ca. 17 centimeter med kroppsvekt på rundt 30 gram. Fjørdrakta til vaksne fuglar har mørk olivenbrun overside og gul underside. Strupen og brystet er i lys grå farge. Han skil seg frå andre artar i denne slekta ved at han har lys haletipp. Habitatet til colombiatyrannar kan variere, det kan vere i tørr krattvegetajon og i meir opne område med nokre tre. Føretrekt høgd er under 1700 moh., men total strekk ho seg frå 400 til 2500 moh.[1]
Dei sit på greiner i låg eller middels høgd, der dei ventar på insekt. Små frukt kan òg gå inn i dietten.