dcsimg

Antarktispetrell ( 挪威語 )

由wikipedia NN提供

Antarktispetrell, Thalassoica antarctica, er ein petrell i stormfuglfamilien som lever ved kystar og til havs, sirkumpolart nær eller på kysten av Antarktika, hekkar òg opptil 250 kilometer inne på kontinentet. Han er særs talrik med meir enn 10 millionar fuglar, og er mest vanleg i Rosshavet. Antarktispetrell er monotypisk i slekta Thalassoica, og ein medlem av den naturlege gruppa havhestar.

Denne arten har mørkebrunt hovud, rygg og frampart av overvenger og har eit mørkt endeband på en elles kvit hale. Undersida er kvit. Dette er ein kraftig bygd, mellomstor sjøfugl, ca. 45 cm i kroppslengd og 650 gram i kroppsmasse.[1]

Dei plukkar føda frå havoverflata, først og fremst kril, blekksprut og småfisk.[1]

Hekkekoloniane ligg på småøyar ved kysten i isfrie område, og inkluderer òg Shackleton Range og Theronfjella .[1] Egglegging skjer i perioden slutten av november til første dagar av desember, tida frå egglegging til ungen er flygedyktig er ca. 3 månader.

Verdspopulasjonen var estimert til mellom 10 og 20 millionar individ i 2004, og er stabil.[2] Av dette finst ca. 7,8 millionar innanfor Ross Dependency.[1]

Kjelder

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  • BirdLife International (2012) Species factsheet: Thalassoica antarctica. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. juni 2012.
  • Referansar

    1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Heather og Robertson, 2005
    2. BirdLife International 2012

    Bakgrunnsstoff

    許可
    cc-by-sa-3.0
    版權
    Wikipedia authors and editors
    原始內容
    參訪來源
    合作夥伴網站
    wikipedia NN

    Antarktispetrell: Brief Summary ( 挪威語 )

    由wikipedia NN提供

    Antarktispetrell, Thalassoica antarctica, er ein petrell i stormfuglfamilien som lever ved kystar og til havs, sirkumpolart nær eller på kysten av Antarktika, hekkar òg opptil 250 kilometer inne på kontinentet. Han er særs talrik med meir enn 10 millionar fuglar, og er mest vanleg i Rosshavet. Antarktispetrell er monotypisk i slekta Thalassoica, og ein medlem av den naturlege gruppa havhestar.

    Denne arten har mørkebrunt hovud, rygg og frampart av overvenger og har eit mørkt endeband på en elles kvit hale. Undersida er kvit. Dette er ein kraftig bygd, mellomstor sjøfugl, ca. 45 cm i kroppslengd og 650 gram i kroppsmasse.

    Dei plukkar føda frå havoverflata, først og fremst kril, blekksprut og småfisk.

    Hekkekoloniane ligg på småøyar ved kysten i isfrie område, og inkluderer òg Shackleton Range og Theronfjella . Egglegging skjer i perioden slutten av november til første dagar av desember, tida frå egglegging til ungen er flygedyktig er ca. 3 månader.

    Verdspopulasjonen var estimert til mellom 10 og 20 millionar individ i 2004, og er stabil. Av dette finst ca. 7,8 millionar innanfor Ross Dependency.

    許可
    cc-by-sa-3.0
    版權
    Wikipedia authors and editors
    原始內容
    參訪來源
    合作夥伴網站
    wikipedia NN