Fossekallfamilien, Cinclidae, samlar fem artar i slekta Cinclus, einaste slekt i familien. Artane er særståande blant sporvefuglane (Passeriformes) for evna til å dukke og symje under vatn.
Det finst fossekallar i passande ferskvatnhabitat i høglandet i Amerika, i Europa og i Asia. I Afrika finst det berre observasjonar i Atlasfjella i Marokko. Dei føretrekkjer kaldt, klart rennande vatn og lever på breidda av strie elver. Utanfor hekkesesongen kan dei vitja innsjøar og kyst.[1]
Fossekallane har generelt store likskapar med mange fuglar som lever på land, til dømes ved at dei ikkje har symjehud. Men dei har utvikla somme morfologiske og fysiologiske tilpassingar til livet i vatn. Vengene er relativt korte, men har kraftig musklar. Det gjer dei i stand til å nytte vengene som luffar under vatn. Dei har tjukk fjørdrakt med sterke feittstoff som vernar fjøra mot inntrenging av vatn. Augo har vel utvikla fokusmusklar som kan endre på krumminga på linsene for å betre synet under vatn. Naseflippar hindrar vatn å trengje inn gjennom nasebora. Fossekallar har ein høg konsentrasjon av hemoglobin i blodet samanlikna med landfuglar. Det aukar oksygenlagringskapasiteten og gjer dei skikka til å halde seg under vatn i minst 30 sekund.
Fossekallen har truleg lenge hatt ein særskilt rolle i Noreg da han er blitt vår nasjonalfugl. Det kan òg nemnast at stjernebiletet Odinsvogna (Karlsvogna) blir kalla store Fossekallen (Big Dipper) på engelsk. Noko som kan tyde på at han har vorte høgt akta i uminnelege tider.
Fossekallfamilien, Cinclidae, samlar fem artar i slekta Cinclus, einaste slekt i familien. Artane er særståande blant sporvefuglane (Passeriformes) for evna til å dukke og symje under vatn.