Laukurt er ein toårig plante i krossblomfamilien. Han kan bli 20–100 cm høg og har opprett stengel og tynne, glatte og hjerteforma blad. Blomane er små og kvite med lange skulper. Heile planten har ei sterk lauklukt. Han kan etast, og har smak av lauk og sennep.
Laukurt kan veksa på steinete stader, i småkratt, skogskant og andre skuggefulle stader. Planten føretrekk næringsrik, kalkhaldig jord.[1] Ein kan finna han i skogar, hagar og parkar.[2]
Laukurt er ein av dei eldste plantane ein har kjennskap til blei brukt til matlaging i Europa. Prov for dette er i arkeologisk funn frå Baltikum, datert til 6100-5750 før notida.[3] Blada kan brukast hakka til å smaksetja salatar eller sausar som pesto. Blomar og frukt kan også brukast, og i fransk tradisjon finst det døme på bruk av frø til smaksetjing.[4] Urten har også vore brukt i plantemedisin[1] til desinfeksjon, vassdrivande middel og i nokre høve for å lega sår.[4]
Laukurt blei innført som nytteplante til Nord-Amerika, og blei først skildra her på 1800-talet. I mange område er planten no rekna som ein invasiv art som har fortrengd fleire lokale plantar og er giftig for fleire sommarfuglar.[5]
Laukurt finst naturleg i store delar av Europa og i Nord-Afrika og vestlege Asia til Himalaya. I Noreg finst laukurt i kyststrøk frå Oslo til Nordland.[2]
Laukurt er ein toårig plante i krossblomfamilien. Han kan bli 20–100 cm høg og har opprett stengel og tynne, glatte og hjerteforma blad. Blomane er små og kvite med lange skulper. Heile planten har ei sterk lauklukt. Han kan etast, og har smak av lauk og sennep.
Laukurt kan veksa på steinete stader, i småkratt, skogskant og andre skuggefulle stader. Planten føretrekk næringsrik, kalkhaldig jord. Ein kan finna han i skogar, hagar og parkar.