Protea lepidocarpodendron x neriifolia
Protea er ei slekt av sørafrikanske blomsterplantar. Slekta har 115 artar. Dei blir nokre gonger kalla sugarbushes på engelsk og suikerbos på afrikaans.
Proteaslekta vart gitt namn i 1735 av Carl von Linné etter den greske guden Proteus som kunne endre si eiga form, ettersom plantane opptrer i eit rikt utval av former. Linné si slekt vart danna ved å slå saman eit rekkje slekter som tidlegare var blitt skildra av Herman Boerhaave, sjølv om akkurat kva for slekter av Boerhaave sine som var inkludert i Linnés Protea varierte i dei ulike publikasjonane til Linné.
Proteaceae-familien som Protea er plassert i, er ein gammal familie. Forfedrane voks i Gondwana for 300 millionar år sidan. Proteaceae er delt i to underfamiliar: Proteoideae, hovudsakleg i det sørlege Afrika, og Grevilleoideae, konsentrert til Australia og Sør-Amerika og andre mindre delar av Gondwana som no er del av det austlege Asia. Afrika deler berre ei slekt med Madagaskar, medan Sør-Amerika og Australia har mange sams slekter — dette tyder på at dei vart skilt frå Afrika før dei vart skilt frå kvarande.
Dei fleste artar av protea finn ein sør for Limpopoelva. Men Protea kilimanjaro er å finne i Mount Kenya nasjonalpark. 92 % av alle artane finn ein berre i Cape floraregion som er eit smalt belte på den fjellrike kysten frå Clanwilliam til Grahamstown i Sør-Afrika. Den usedvanleg store artsvariasjonen som er typisk for regionen trur ein skuldast det varierte landskapet der plantepopulasjonar kan bli isolert frå kvarandre og over tid utvikle seg til eigne artar.
Plantar i proteaslekta vekte interessa til botanikarar som gjesta Kapp det gode håp på 1600-talet. Mange artar vart introdusert i Europa på 1700-talet og dei var spesielt populære blant botanikarar.
Innanfor den store familien Proteaceae, er Protea medlemmer av underfamilien Proteoideae som har slekter som finst i det sørlege Afrika og Australia.
Etter det latinske namnet står det engelske.
Protea er ei slekt av sørafrikanske blomsterplantar. Slekta har 115 artar. Dei blir nokre gonger kalla sugarbushes på engelsk og suikerbos på afrikaans.