Sølvasal eller kvitasal (Sorbus aria) er eit tre i asalslekta i rosefamilien. Det kan bli 5 til 15 meter høgt. Blada er eggforma med sølvkvit underside.
Sølvasal stammar frå Mellom- og Sør-Europa. Han er blitt som prydtre sidan 1700-talet, og finst forvilla i Noreg, i det minste nord til Trøndelag. Det er også mogleg at arten er komen til landet naturleg. Arten er rekna som nær truga i Noreg.
Treet utgjer saman med to nærskilde artar, bergasal og norsk asal, sølvasal-gruppa. Det finst fleire kultivarar av sølvasal, i tillegg til fleire hybridar danna med andre tre i asalslekta.

Bær og blad.
Lite tre i fjellet i Algerie.
Blomstrande tre i Allgäu i Bayern.
Verna tre ved ein åker i Kyšice i Tsjekkia.