dcsimg

Antarktisk kril ( norvegèis )

fornì da wikipedia NN

Antarktisk krill (Euphausia superba) er ein type kril som er nøkkelart i det antarktiske økosystemet i Sørishavet. Kvar kril kan bli opptil 6 cm lang og 2 gram tung. Antarktisk kril lever i store stimar, eller sverma, som kan ha opptil 10 000–30 000 individ per kubikkmeter.[1] Krilen lever i omtrent 6 år.

Antarktisk kril lever på små planteplankton som tek opp energi frå sollys.[2] Krilen blir i sin tur eten av større dyr som selar, kvalar, fuglar og fiskar, ofte som hovudnæringskjelda. Ut frå total biomasse, som ein reknar med ligg rundt 500 millionar tonn, kan antarktisk kril vera det mest utbreidde dyret på jorda.[3]

Krilen har eigne organ for bioluminescens, lys laga av dyra sjølv. Lysorgana sit parvis ulike stader på kroppen.

Kjelder

  1. William M. Hamner, Peggy P. Hamner, Steven W. Strand & Ronald W. Gilmer (1983). «Behavior of Antarctic krill, Euphausia superba: chemoreception, feeding, schooling and molting». Science 220 (4595): 433–435. Bibcode:1983Sci...220..433H. PMID 17831417. doi:10.1126/science.220.4595.433. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  2. Uwe Kils & Norbert Klages (1979). «Der Krill» [The Krill]. Naturwissenschaftliche Rundschau (på German) 32 (10): 397–402. CS1 maint: Unrecognized language (link)
  3. Stephen Nicol & Yoshinari Endo (1997). Krill Fisheries of the World. Fisheries Technical Paper 367. Food and Agriculture Organization. ISBN 92-5-104012-5.

Bakgrunnsstoff

licensa
cc-by-sa-3.0
drit d'autor
Wikipedia authors and editors
original
visité la sorgiss
sit compagn
wikipedia NN

Antarktisk kril: Brief Summary ( norvegèis )

fornì da wikipedia NN

Antarktisk krill (Euphausia superba) er ein type kril som er nøkkelart i det antarktiske økosystemet i Sørishavet. Kvar kril kan bli opptil 6 cm lang og 2 gram tung. Antarktisk kril lever i store stimar, eller sverma, som kan ha opptil 10 000–30 000 individ per kubikkmeter. Krilen lever i omtrent 6 år.

Antarktisk kril lever på små planteplankton som tek opp energi frå sollys. Krilen blir i sin tur eten av større dyr som selar, kvalar, fuglar og fiskar, ofte som hovudnæringskjelda. Ut frå total biomasse, som ein reknar med ligg rundt 500 millionar tonn, kan antarktisk kril vera det mest utbreidde dyret på jorda.

Krilen har eigne organ for bioluminescens, lys laga av dyra sjølv. Lysorgana sit parvis ulike stader på kroppen.

licensa
cc-by-sa-3.0
drit d'autor
Wikipedia authors and editors
original
visité la sorgiss
sit compagn
wikipedia NN