dcsimg

Brunvarslar ( norvegèis )

fornì da wikipedia NN

Brunvarslar (Lanius cristatus) er ein fugl i varslarfamilien som lever i Asia.

Han er nært nærskyldt med tornskate, L. collurio, og isabellavarslar, L. isabellinus. Slektsnamnet, Lanius, er avleidd frå det latinske ordet for «slaktar», og nokre varslarar er også kjente som «slaktarfuglar» på grunn av utvalet av føde. Den spesifikke cristatus er latin for «oppreist» brukt i ei utvida tyding.[1]

Skildring

Brunvarslarar er 17–20 cm i lengd og har kroppsvekt på 27–37 gram, hannfuglar noko meir enn hoer.[2] Brunvarslar er med det litt større enn tornskate, men langt mindre enn arten varslar.[3]

Mønsteret i fjørdrakta er mykje lik drakta til tornskate, men meir i brunt på oversida og lysare metta kremfarga gulbeige på undersida. Generelt har alle brunvarslarar ei typisk ansiktmaske med ei brei, svart augestripe frå nebb og til bak øyrane. Over dette er det ei tynnare kvit pannestripe og under augestripa eit kvitt område som går rundt strupen og ned på brystet. Hovudet over pannestripa er generelt bruntona. Underarten som hekkar i Japan er kraftig raudbrun på oversida, underarten som hekkar lengst sør har grå overside inkludert hovud, men framleis raudbrun stjert. Kjønna er mykje like, men hoer kan vere litt bleikare.[2]

Halen er relativt lang og smal, men synast avrunda i flukt, nebbet er kraftig med krok i enden.[3]

Utbreiing

Hekkeområdet er særs vidt over store delar av sentrale og austlege Russland, Mongolia, Japan, Koreahalvøya, nordvestlege Kina. Avgrensing i nordvest omtrent ved byen Dudinka, vidare sørover aust for nedslagsfeltet for elva Jenisei omtrent ved byen Novosibirsk og litt inn i nordaustlegaste Kasakhstan. Avgrensing i nordaust nord for Anadyrbukta mot Beringhavet, vidare sørover inkludert Kamtsjatkahalvøya og øyane som avgrensar Okhotskhavet, sør til sørlegaste Japan.

Overvintringsområdet er frå India i vest, austover sør for Himalaya til og med Søraust-Kina, sørover over det meste av Søraust-Asia inkludert Filippinene og Indonesia vest for Wallace-linja.[2][4]

Denne arten er ein sjeldan streiffugl i Europa.

Spontant i Noreg

Det er til saman fem kjente registreringar i Noreg i følge Artsobservasjonr.no, alle i oktober eller november. Ein i Vestfold, elles berre på Vestlandet.[5] Den siste registreringa vart gjort på Utsira i Rogaland i oktober 2019.[6]

Åtferd og økologi

Brunvarslarar lever hovudsakleg av insekt, spesielt sommarfugllarver, Lepidoptera. I likskap med andre varslarar kveler dei byttedyr. Andre leddyr og små ryggstrengdyr som småfuglar og øgler blir òg nokre gonger byttedyr. Dei speidar vanlegvis etter byttedyr frå ei grein og flyg ned mot bakken for å fange dei.

Hekkesesongen er i lengst sør i mai og i nord juni, og hekkehabitatet inkluderer taiga, skog til halvørken, der dei bygger eit reir i eit tre eller ein busk. Brunvarslarar har berre eitt kull i sesongen og legg vanlegvis fire til seks egg.[2]

Brunvarslaren er ein trekkfugl og ringmerking viser at dei ofte returnerer tilbake til dei same stadene kvar vinter. Dei byrjar å etablere vinterterritorium like etter tilkomme. Timinga for migrasjonen er etter nokså regelbundne tider. I løpet av vinterperioden gjer dei ei myting.[7][8][9]

Storleiken på den globale populasjonen er trudd å vere minkande, men ikkje kvantifisert. IUCN har klassifisert arten som livskraftig (LC).[4]

Kjelder

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 142, 219. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Yosef, R. & International Shrike Working Group (2019) Brown Shrike (Lanius cristatus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 24. november 2019
  3. 3,0 3,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  4. 4,0 4,1 BirdLife International (2019) Species factsheet: Lanius cristatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. november 2019
  5. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 24. november 2019.
  6. Torborg Berg, Magiske dager på Utsira høsten 2019, Vår fuglefauna: medlemstidsskrift for Norsk ornitologisk forening 42 (2019), nr. 4, side 228-232
  7. Lord Medway (1970). «A ringing study of the migratory brown shrike in West Malaysia». Ibis 112 (2): 184–198. doi:10.1111/j.1474-919X.1970.tb00092.x.
  8. Rimmer, CC & CH Darmstadt (1996). «Non-breeding site fidelity in Northern Shrikes» (PDF). J. Field Ornithol. 67 (3): 360–366.
  9. Takagi, Masaoki (2003). «Philopatry and Habitat Selection in Bull-Headed and Brown Shrikes». Journal of Field Ornithology 74 (1): 45–52. doi:10.1648/0273-8570-74.1.45.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brunvarslar
licensa
cc-by-sa-3.0
drit d'autor
Wikipedia authors and editors
original
visité la sorgiss
sit compagn
wikipedia NN

Brunvarslar: Brief Summary ( norvegèis )

fornì da wikipedia NN

Brunvarslar (Lanius cristatus) er ein fugl i varslarfamilien som lever i Asia.

Han er nært nærskyldt med tornskate, L. collurio, og isabellavarslar, L. isabellinus. Slektsnamnet, Lanius, er avleidd frå det latinske ordet for «slaktar», og nokre varslarar er også kjente som «slaktarfuglar» på grunn av utvalet av føde. Den spesifikke cristatus er latin for «oppreist» brukt i ei utvida tyding.

licensa
cc-by-sa-3.0
drit d'autor
Wikipedia authors and editors
original
visité la sorgiss
sit compagn
wikipedia NN