Aethia er ei biologisk slekt av fire alkeartar med vide leveområde i nordlege Stillehavet, Beringhavet og Okhotskhavet, og er blant nokre av de mest talrike sjøfuglane langs kystar av Nord-Amerika.[1] Tre av artane i slekta har samnamnet dvergalke på norsk. Omgrepet 'dvergalke' blir òg brukt om alle fire i slekta og om Ptychoramphus, sotalke.[2] Ettersom dvergalker er kolonihekkarar med reirplass inne i ur og bergsprekker, er dei trua av innvandrande predatorar som fjellrev og brunrotter.
Dette er små sjøfuglar, ca. 15 til 24 centimeter[3] og ca. 85-330 gram i vekt.
Dvergalker er vanlegvis særs sosiale og hekkar i tette koloniar, unnataket er papegøyealker som er meir spreidde.[1] Alle har ei form for ornamentikk i andletet, til dømes fjører ved øyro, store fjørtoppar som hos praktdvergalker og toppdvergalker, og toppdvergalker og praktdvergalke har ein mandarinliknande lukt[1] som kan fungere i partnarval[4] eller til gjenkjenning, men dette krev meir forsking.[5]
Alle Aethia-alker legg eit kvitt egg i ei naturleg bergkløft og rugar i 25-36 dagar.[1] Etter klekking er ungen dels og sjølvhjelpt og blir flygedyktige etter 25-35 dagar.[6] Han er kjønnsmoden etter 3 -5 år.[7] Storleikane på koloniane er svært variable, og spenner frå mindre enn 100 individ til over ein million. Toppdvergalker har tendens til å hekke i større tettleik enn papegøyealker og praktdvergalker.[5]
Dvergalker er hovudsakleg planktonetarar, tar for seg av ei rekkje calanoide hoppekreps, kril og andre virvellause dyr som stormaneter og ribbemaneter.
Aethia-alker har kjende asiatiske koloniar i Kurilane, Kommandørøyane, langs Kamtsjatkahalvøya og Tsjuktsjarhalvøya. I Nord-Amerika finst store koloniar er i Aleutane til Alaskabukta og nord til øyane i Beringhavet.[1]
Dvergalker er mykje stadegne, òg på val av reirplass, sjølv om opptil 33 % av para av flekkdvergalke og toppdvergalke kan vere oppløyste når begge partnarane har overlevd.[1]
Vinterutbreiinga av dvergalker er lite kjent. Flekkdvergalker overvintrar sannsynlegvis nær hekkekoloniane[8] og mange har vore observerte ved Aleutane om vinteren.[9] Dvergalker frå det nordlege Beringhavet må flytte lengjer sør på grunn av pakkis rundt hekkekoloniane i løpet av vinteren.[1]
Fordi dei hekkar i ur og bergsprekker, er dvergalker sårbare for predasjon frå rottar,[10] og har vorte utrydda frå nokre øyar der fjellrev er innført for oppdrett.[8][11] Utrydding av rottar frå Rat Island i Aleutane vart avslutta i 2008 og 2009.[12]
Den store kolonien på Sirius Point, øya Kiska, opplevde nesten komplett svikt i hekking i 2001 og 2002 på grunn av rottepredasjon og uroing.[13]
Dvergalker i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [14] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [15]
Slektstilhøvet mellom artane av verklege dvergalker enno uklåre.
Aethia er ei biologisk slekt av fire alkeartar med vide leveområde i nordlege Stillehavet, Beringhavet og Okhotskhavet, og er blant nokre av de mest talrike sjøfuglane langs kystar av Nord-Amerika. Tre av artane i slekta har samnamnet dvergalke på norsk. Omgrepet 'dvergalke' blir òg brukt om alle fire i slekta og om Ptychoramphus, sotalke. Ettersom dvergalker er kolonihekkarar med reirplass inne i ur og bergsprekker, er dei trua av innvandrande predatorar som fjellrev og brunrotter.
Dvergalkene er små (15–25 cm) alkefugler som hekker i Beringhavet og andre deler av det nordlige Stillehavet. Fjærdrakten er svart, hvit eller grå, ofte flekket eller marmorert. Samtlige arter har påfallende lyse pupiller, og en hvit stripe fra øyet og nedover mot nakken (eller hos sotalken i det minste en hvit flekk bak øyet). Nebbet er i de fleste arter veldig kort.
Dvergalker legger ett enkelt egg i små fjell- eller jordhuler, som graves selv i noen av artene.
Dvergalkene er små (15–25 cm) alkefugler som hekker i Beringhavet og andre deler av det nordlige Stillehavet. Fjærdrakten er svart, hvit eller grå, ofte flekket eller marmorert. Samtlige arter har påfallende lyse pupiller, og en hvit stripe fra øyet og nedover mot nakken (eller hos sotalken i det minste en hvit flekk bak øyet). Nebbet er i de fleste arter veldig kort.
Dvergalker legger ett enkelt egg i små fjell- eller jordhuler, som graves selv i noen av artene.