Rhesusape (Macaca mulatta) er ein makak som lever aust i Asia, der han finst frå Afghanistan i vest til kysten av Stillehavet i Kina i aust. Rhesusapen hadde siste sams forfaderen med mennesket for kring 25 millionar år sidan, og arten har vore mykje nytta til medisinsk forsking. Til dømes vart rhesusfaktoren oppdaga i denne arten, og arten har òg vore nytta til utrøyning av AIDS-vaksinar. Rhesusapar er vortne skotne opp i verdsrommet. Rhesusapen vert delt inn i seks underartar.[1][2]
Japanmakaken oppstod truleg frå austlege populasjonar av rhesusapen i pleistocen, for mellom 0,31 og 0,88 millionar år sidan, og dei to artane er framleis nært skylde.[3]
Eit utkast av genomet til rhesusapen vart publisert i 2007 og var på kring 2,87 gigabasar.[1] Eit anna utkast vart publisert i 2011 og var på 2,84 gigabasar.[4] I det fyrste utkastet var mellom 90,76 og 93,54 % av basane i sekvensane til rhesusapen dei same som i menneskegenomet, avhengig av utrekningsmåte. Sterkt sannsynlege ortologe gen hadde i snitt kring 97,5 % av dei same basane og koda i snitt for like mange identiske aminosyrer.[1]
Fleire hundre potensielle mikro-RNA er funne i rhesusapegenomet, og alle desse er meir enn 90 % like med føregangssekvensar hjå menneske. Mange er heilt like.[5]
Det er funne 33 gen i det store vevskompatibilitetskomplekset til rhesusapen, noko som er meir enn tre gonger so mange gen som mennnesket har i dette komplekset.[6]
Rhesusape (Macaca mulatta) er ein makak som lever aust i Asia, der han finst frå Afghanistan i vest til kysten av Stillehavet i Kina i aust. Rhesusapen hadde siste sams forfaderen med mennesket for kring 25 millionar år sidan, og arten har vore mykje nytta til medisinsk forsking. Til dømes vart rhesusfaktoren oppdaga i denne arten, og arten har òg vore nytta til utrøyning av AIDS-vaksinar. Rhesusapar er vortne skotne opp i verdsrommet. Rhesusapen vert delt inn i seks underartar.
Japanmakaken oppstod truleg frå austlege populasjonar av rhesusapen i pleistocen, for mellom 0,31 og 0,88 millionar år sidan, og dei to artane er framleis nært skylde.