dcsimg

Prydbønne ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Prydbønne, pralbønne eller blomsterbønne (Phaseolus coccineus) er ein art i erteblomfamilien som blir dyrka som prydvekst og tildels som matvekst.

Prydbønneplanten er ein slyngplante som kan bli opptil 4 m høg. Han slynger seg i ein spiral som går med klokka, til forskjell frå dei fleste andre bønner som slynger seg mot klokka.[1] Han skil seg også frå andre bønner ved at kimblada blir verande under jorda, slik at dei første blada ein ser frå spira er dei vaksne blada.[2]

Planten er fleirårig, men blir ofte dyrka som eittårig ettersom han ikkje toler frost.[3][4]

Prydbønne har raude eller raude og kvite blomar i klasar. Frøa er store og brokete. Røtene er tjukke og knollforma.

Varieteten P. coccineus var. albiflorus (av og til rekna ein art, P. multiflorus) har kvite blomar og ikkje knollforma røter.

Dei flate, 10–30 cm lange belgane kan brukast som grønsak etter koking. Dei modne frøa kan vera giftige, fordi dei inneheld lektinet fytohaemgglutinin. Lektinet blir øydelagd gjennom langvarig koking.[4]

Dyrking

Prydbønna stammar frå fjellområde i Sentral-Amerika, der ein har dyrka henne i nær to tusen år.[3] Det finst framleis ville slektningar av den dyrka planten i kjølige, skuggerike dalar i Guatemala og Mexico.[2]

Prydbønne blir dyrka i ei rekkje land, mellom anna Noreg.

Kjelder

  1. Phaseolus coccineus, Missouri Botanical Garden
  2. 2,0 2,1 Phaseolus coccineus, Floridata
  3. 3,0 3,1 PHASEOLUS coccineus, Learn2Grow, henta 31. juli 2017
  4. 4,0 4,1 Phaseolus coccineus - L., Plants for a Future
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Prydbønne: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Prydbønne, pralbønne eller blomsterbønne (Phaseolus coccineus) er ein art i erteblomfamilien som blir dyrka som prydvekst og tildels som matvekst.

Prydbønneplanten er ein slyngplante som kan bli opptil 4 m høg. Han slynger seg i ein spiral som går med klokka, til forskjell frå dei fleste andre bønner som slynger seg mot klokka. Han skil seg også frå andre bønner ved at kimblada blir verande under jorda, slik at dei første blada ein ser frå spira er dei vaksne blada.

Planten er fleirårig, men blir ofte dyrka som eittårig ettersom han ikkje toler frost.

Prydbønne har raude eller raude og kvite blomar i klasar. Frøa er store og brokete. Røtene er tjukke og knollforma.

Varieteten P. coccineus var. albiflorus (av og til rekna ein art, P. multiflorus) har kvite blomar og ikkje knollforma røter.

Dei flate, 10–30 cm lange belgane kan brukast som grønsak etter koking. Dei modne frøa kan vera giftige, fordi dei inneheld lektinet fytohaemgglutinin. Lektinet blir øydelagd gjennom langvarig koking.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN