dcsimg

Tovengjer ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tovengjer (Diptera) er ein stor orden insekt som mellom anna består av myggar, knottar og ymse fluger. Det er beskrive omkring 151 000 artar på verdsbasis, kor 2749 er registrerte i Noreg. For denne gruppa er det verdt å merka seg at mørketala sannsynlegvis er enorme - ein reknar med at det på verdsbasis førekjem minst 200 000 artar.

Kjenneteikn

Tovengjene har fått namnet sitt fordi det eine vengjeparet deira er særs tilbakedanna. Framvengjene er store og membranøse og nyttast til å fly med, medan dei bakerste er redusert til eit par såkalla køllevengjer; balanseorgan dyra nyttar til å stabilisera seg med i lufta når dei flyg.

Hovudet er stort og rørleg med digre fasettaugo. Munndelane er som regel tilpassa ein eller form for væskeopptak, det vera seg blod (som i myggar), ymse næringspartiklar blanda med spytt (som i mange fluger), saft eller nektar.

Bakkroppane til tovengjene er ofte reduserte i nokon grad, det vil seie at somme av dei opphavleg 11 segmenta har falle bort eller smelta saman. Hoer har ofte omdanna somme av dei til eit eggleggingsrøyr.

Larvane manglar ekte bein, men har ofte tilsvarande strukturar som forsvinn i løpet av puppestadiet.

Økologi

 src=
Empis livida.

Tovengjene er ei enorm gruppe dyktige flygarar med særs godt syn. Ein finn representantar frå gruppa om lag overalt i heile verda, bortsett frå i det opne havet, og på dei fleste trofiske nivå. Somme av artane er i stand til å trivast i særs tøffe miljø, til dømes i små oljekjelder, varme kjelder, saltsjøar og grunt vatn i havet.

Sidan gruppa er så talrik og så vidt utbreidd, er ho særs økonomisk viktig for menneske. Dei er viktige berarar av ei rekkje sjukdommar, til dømes sovesjuke, malaria og gulfeber, og er ved mange høve forferdelege skadedyr i landbruket. Husdyr har rett som det er problem med å bli infisert av tovengjelarvar allereie før dei døyr. Andre artar er økologisk gunstige, sidan dei er viktige pollinatorar, eller parasittar og predatorar på skadedyr.

Evolusjon og systematikk

Tovengjene er særs avanserte insekt reint evolusjonshistorisk, det vil seie at dei er særs ulike stamfedrane sine. Ein tenkjer seg ofte at dei stammar frå gruppa Mecoptera (skorpionfluger) eller ei nærskyld gruppe. Dei første moderne utsjåande tovengjene dukka opp i midten av triasperioden, og dei vart fort vanleg utbreidde.

Ein delar vanlegvis tovengjer i to underordenar: Nematocera, som stort sett består av ymse myggar og knottar, og Brachycera, som består av dei artane me vanlegvis kallar ekte fluger. Ein reknar med at Nematocera er parafyletisk, og at Brachycera oppstod som ein del av gruppa.

Ein har klassifisert 218 familiar av tovengjer, 43 av desse er utdøydde.

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Tovengjer: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tovengjer (Diptera) er ein stor orden insekt som mellom anna består av myggar, knottar og ymse fluger. Det er beskrive omkring 151 000 artar på verdsbasis, kor 2749 er registrerte i Noreg. For denne gruppa er det verdt å merka seg at mørketala sannsynlegvis er enorme - ein reknar med at det på verdsbasis førekjem minst 200 000 artar.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Tovinger ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Tovinger (Diptera) er mygg og fluer, og er en stor orden av insektene. De kalles tovinger fordi de bare har ett par vinger (to vinger). De er fra 2 mm. til ca. 50 mm (kroppslengde). I verden er det omtrent 130 000 arter, fordelt på 130 familier. I Norge er det 110 familier med omtrent 5000 arter.

Liv og utvikling

Tovingene har vanligvis to gjennomsiktige vinger, istedenfor bakvinger har de to styrestaver, eller svigkøller. Disse fungerer som balanseorgan. Det siste fotleddet har hår med klister gjør at den kan holde seg fast på glatte overflater, og ei klo gjør at den kan holde seg fast i tøy, stoffer og andre ru overflater.

Gruppen er delt inn i to underordner, det er antennes oppbygning som ligger til grunn for inndelingen.

  • Myggene (Nematocera) har mer enn 3 ledd i antennen som er lang og leddene er tydelig adskilte, litt flate (skiveformede), men runde. Antall ledd varierer, men de er lett synlige som perler på en snor.
  • Fluene (Brachycera) har antenner med bare (tilsynelatende) 3 ledd, der det siste leddet har et langt, tynt hår som står ut fra siden eller det kan være spist utdratt (ténformet). Fluer har bredere, kraftigere kropp enn mygg.

Larvestadiet

Larvene har vanligvis bitende munndeler, men mangler ben. Alle tovinger gjennomgår en fullstendig forvandling.

Voksen (imago)

Sykdomsbærere

Mange tropiske arter kan være smittebærere av farlige sykdommer.

Historie

Man regner med at tovingene oppstod som gruppe i begynnelsen av Trias-tiden. De eldste kjente fossilene som er utvetydige tovinger plasseres i familien Grauvogeliidae og er mellom 247-242 millioner år gamle. I løpet av forholdsvis kort tid i Trias dukket det opp en god del grupper av mygg og fluer som ligner nålevende former i større eller mindre grad. Fra slutten av Perm-tiden, mellom 260-250 millioner år før nåtid kjenner man gruppen Protodiptera, som hadde to par vinger men disse hadde et årenett som ligner sterkt på primitive mygg. Det er sannsynlig at Protodiptera representerer et mellomledd i utviklingen som ledet fra skorpionflue-lignende insekter til tovinger.

Systematisk inndeling

Systematikken følger Andersson, 1991, (se kilde). Familier med norske arter har norske navn. De familier som mangler norske navn, er ikke representert i Norge. Et latinsk familienavn ender med ...idae, og et navn på en overfamilie på ...oidea.

Det er i Norge, 110 familier med tovinger og det er funnet ca. 5 000 arter. Disse fordeler seg med 29 familier av mygg, med omtrent 2 000 arter, og 81 familier av fluer, med omtrent 3 000 arter.

Treliste

Kilder

  • Andersson, H. 1991. Aktuell klassifisering av inhemska tvåvingar (Diptera), med svenska namn på familjerna. Ent. Tidskr. 112, side 49-52.
  • Ottesen, P.S. (red.) 1993. Norske Insektfamilier og deres artsantall. NINA utredning 055, 40 sider.
  • Pape, T., Blagoderov, V. og Mostovski, M.B. 2011. Order Diptera. I: Zhang, Z-Q (red.): Animal biodiversity: An outline of higher-level classification and survey of taxonomic richness. Zootaxa 3148: 222-229.

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Tovinger: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Tovinger (Diptera) er mygg og fluer, og er en stor orden av insektene. De kalles tovinger fordi de bare har ett par vinger (to vinger). De er fra 2 mm. til ca. 50 mm (kroppslengde). I verden er det omtrent 130 000 arter, fordelt på 130 familier. I Norge er det 110 familier med omtrent 5000 arter.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO