dcsimg

Svartryggspett ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Svartryggspett (Picoides arcticus) er ein mellomstor hakkespett som lever i skogar i Nord-Amerika.

Skildring

Fuglen blir kring 23 cm lang. Fjørdrakten på vaksne dyr er svart på hovudet, ryggen, vengene og enden. Dei er kvite frå strupa til magen, medan sidene er svarte med kvite striper. Stjerten er svart med kvite ytterfjører. Svartryggspett har ein viss kjønnsdimorfisme i fjørdrakten, der vaksne hannar har ei gul hette.

Til skilnad frå alle andre hakkespettar, bortsett frå granspett og tretåspett, har svartryggspett tre tær på kvar fot.

Leveområde og levevis

Svartryggspettar hekkar i taigaskog i Canada, Alaska, Nordvest-USA og nordlege Wisconsin,[1] Minnesota,[2] og Den øvre Michigan-halvøya.[3] Arten er ein spesialist på brende skogsområde, der han et biller som lever på nyleg brende tre.[4] Dei viktigaste billeslaga for spetten er biller frå familiane Cerambycidae og Buprestidae, slekta Ips og Dendroctonus ponderosae. Dei finn det meste av føda ved hjelp av hakking i tre, men kan også plukka henne av greiner.

Fuglane lagar reir i april og mai. Kvart år hakkar dei ut eit nytt reir ii eit dødt tre. Gamle reir kan brukast til reir av andre fuglar. Svartryggspetthoa legg tre eller fire egg. Foreldra byttar på å ruga på egga, men hannen rugar alltid om natta. Begge foreldra mater ungane, som blir flygedyktige i løpet av rundt 24 dagar.

Lætet til fuglen er eit enkelt, skarpt «pik». Det har lågare tone enn lætet til granspett.

Kjelder

  1. ebird. «eBird Range Map--Black-backed Woodpecker». ebird.org (på engelsk). Henta 10. juli 2017.
  2. «Minnesota Breeding Bird Map List: Minnesota DNR». www.dnr.state.mn.us (på engelsk). Henta 10. juli 2017.
  3. «TaxonomicListing». www.mibirdatlas.org (på engelsk). Henta 10. juli 2017.
  4. Woodpecker knows
  • Dixon, Rita D., and Victoria A. Saab. (2000). Black-backed woodpecker (Picoides arcticus), The Birds of North America Online (A. Poole, Ed.). Ithaca: Cornell Lab of Ornithology; frå Birds of North America Online
  • National Geographic's Field Guide to the Birds of North America, 3. utg., om tonen til lætet

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svartryggspett
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Picoides arcticus
лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Svartryggspett: Brief Summary ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Svartryggspett (Picoides arcticus) er ein mellomstor hakkespett som lever i skogar i Nord-Amerika.

лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN