dcsimg

Rosenterne ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Rosenterne (Sterna dougallii) er ein sjøfugl i måsefamilien, Laridae. Ho har leveområde på austkysten av Amerika, vestkysten av Europa, kystar av Sør-Afrika, Aust-Afrika, Asia og Australia.

Skildring

Dette er ei lita til mellomstor terne, 33-43 centimeter lang med vengespenn på 72-80 cm, og kroppsvekt varierande rundt 110 gram. Ho kan forvekslast med makrellterne, raudnebbterne, og større, men med tilsvarande fjørdrakt, splitterne. Ho er lyst gråbleik på oversida og kvit på undersida. Som dei fleste andre terner har ho svart hette frå panne til nakke. Halen er særs kløfta med lange stjertspyd. Vengene er relativt korte. Vaksne fuglar har raudfarge på beina, varierande frå mørkeraudt til klårt lyst raudt med geografi. Nebbet er gjerne svart, men endrar seg sesongmessig mot raudt med årstida. Nebbfarga varierer òg med geografi. I hekketida får fuglane i Europa eit svakt rosa skjer på bryst og undersida, og nebbrota blir raud. Generelt kan nebbet vere heilt svart eller svart med raud base før hekking tar til og skifte til raudt over heile nebbet til hausttrekket startar. Juvenile fuglar har grovt skjelforma mønster på ryggen, lysare hette enn vaksne, mørke bein og svart nebb.[1]

Dette er ein trekkfugl, men trekkmønstret er ikkje kjent for alle populasjonane. Fuglar frå Europa overvintrar i Vest-Afrika.[1]

Utbreiing

Nominatforma hekkar særs fragmentert på kysten av Nord-Amerika frå Nova Scotia, gjennom Karibia til øyane nord for Venezuela. Dessutan i nordvestre Europa, vesentleg Irland og Storbritannia, ved Asorane og kysten av Sør-Afrika, Somalia og Tanzania. Overvintringsområde er atlanterhavskysten av Sør-Amerika og kysten av Vest-Afrika.

Dei andre underartane lever frå Seychellane, Madagaskar gjennom Søraust-Asia til Ryukyuøyene og til Molukkane, Ny-Guinea, Solomonøyane og kystane av vestlege og nordlege Australia.[1]

Åtferd og økologi

Som andre Sterna-terner, beitar rosenterne ved å stupdukke etter småfisk, men karakteristisk for rosenterner er at dei stuper med skrå vinkel ned mot havoverflata. Nesten utan unntak beitar dei i havet, dei lever meir marint enn nærskylde terner. Ein sjeldan gong vitjar dei ferskvasslaguner langs kysten for å bade.

Status

Storleiken på den globale populasjonen av rosenterner er over 100 000 individ.[1] I Europa er han generelt sparsam og minkande, under 1000 par,[2] dei fleste i Irland. I Storbritannia er han minkande og truga, berre 86 hekkande par i 2013.[3] I Noreg finst seks observasjonar av rosenterne som einslege streiffuglar.[4]

BirdLife International klassifiserer arten som globalt livskraftig.[5]

Kjelder

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Gochfeld, M. & Burger, J. (2016). Roseate Tern (Sterna dougallii) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 24. oktober 2016
  2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag.
  3. Robinson, R.A. (2005) BirdFacts: profiles of birds occurring in Britain & Ireland (BTO Research Report 407). BTO, Thetford
  4. Søk på artsobservasjoner.no den 24. oktober 2016
  5. BirdLife International (2016) Species factsheet: Sterna dougallii. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. oktober 2016

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rosenterne
лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Rosenterne: Brief Summary ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Rosenterne (Sterna dougallii) er ein sjøfugl i måsefamilien, Laridae. Ho har leveområde på austkysten av Amerika, vestkysten av Europa, kystar av Sør-Afrika, Aust-Afrika, Asia og Australia.

лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN