dcsimg

Spettmeisfamilien ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Spettmeisfamilien (Sittidae) er ein familie av små sporvefuglar med forholdsvis stort hovud. Dei har rett, kraftig nebb, kort hale og korte bein. Fuglane er gode klatrarar.

Sittidae er ein familie med artar over heile Eurasia og Nord-Amerika. I Noreg hekkar berre arten spettmeis (Sitta europaea).

Skildring

Dette er kompakte fuglar med kraftige bein og sylforma, kraftig nebb. Dei kan gå på hellande eller vertikale trestammar og opp ned under greiner.[1] Virvellause dyr er ein viktig del av dietten for spettmeiser, spesielt i hekketida, men dei fleste artane et òg frø i det minste om vinteren, når evertebratar er mindre lett tilgjengeleg. Større matkjelder, slik som store insekt, sniglar, eikenøtter eller frø kan bli kilt inn i sprekkar og hakka i bitar med det sterke nebbet. Dette er åtferda som gjev namnet til familien.[2] Alle i familien lagrar forråd av mat, vanlegvis frø, som kan skyvast inn i sprekkar eller ned i bakken, gøymast under småsteinar, eller bak borkeflak. Klippespettmeis vil òg presse inn sniglar i passande sprekkar til å bruke i tider med manglande tilgang på føde. Dei kan finne att matforråd etter minne,[3] opp til 98 dagar etter lagring.[4]

Alle artane i denne gruppa hekkar i holrom. Klippespettmeis og ravinespettmeis brukar bergsprekker, alle andre spettmeisartar hekkar i hole tre. Ungane er lite utvikla ved klekking, blinde, fjørlause og hjelpelause ved fødselen. Begge foreldra matar ungane til dei er flygedyktige.

Fossil

Fossila for denne gruppa synest å vere avgrensa til eit bein frå ein fot av ein tidleg miocen fugl frå Bayern som har vorte identifisert som ein utdøydd representant for klatrande Certhioidea, ein klade beståande av trekryparar, murkrypar og spettmeiser. Han har vorte skildra som Certhiops rummeli.[5]

Status

 src=
Pygméspettmeis, Sitta victoriae
Foto: Len Blumin

Dei fleste spettmeiser har store populasjonar og omfattande geografiske område, og små problem med bestanden.[6]

Nokre av dei meir avgrensa artane er truga av avskoging.

  • Burmaspettmeis er ein trua art. Populasjonen på eit par tusen fuglar er avtakande, og ingen vernetiltak er på plass.[7]
  • Den truga kabylspettmeis finst berre på fire kjende stader i Algerie, og det er mogleg at den totale populasjonen ikkje overstig 1000 fuglar.[7]
  • Tyrkarspettmeis er nær truga i sitt kjerneområde i Tyrkia, der urbanisering og utvikling for turisme legg betydeleg press på eldre barskog.[7]

Taksonomi

Sittidae-familien vart skildra av René-Primevère Lesson i 1828. Dei næraste slektningane er murkrypar (Tichodroma muraria) og trekryparar, og alle desse artane er nokre gonger plassert i ei større gruppering saman med gjerdesmettfamilien og myggsmettar. Denne superfamilien er kalla Certhioidea.

RaudnebbvangaMadagaskar og sittellaer i Australia og på Ny-Guinea vart ein gong plassert i familien Sittidae, på grunn av likskapar til spettmeiser i utsjånad og livsstil, men dei er ikkje nært nærskyldt, likskapar skuldast konvergent evolusjon for fylle ein økologisk nisje[2].

Nokre gonger er murkrypar som er avgrensa til fjella i det sørlege Eurasia, òg plassert i Sittidae-familien, i ein eigen underfamilie "Tichodromadinae". I så fall blir spettmeiser klassifisert i underfamilien "Sittinae". Murkrypar er likevel oftare plassert i ein eigen familie, det Tichodromadidae.[8] Morfologisk ligg murkrypar mellom spettmeiser og trekryparar, men utsjånad, tekstur i fjørdrakta, og forma og mønster på halen tydar på at han er nærast det førstnemnde takson.[9]

Artslista

Spettmeiser i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[10] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[11]

Slekt Sitta
  • Kastanjespettmeis, Sitta castanea, Indian Nuthatch, Lesson, R, 1830, (LC)
  • Kanelspettmeis, Sitta cinnamoventris, Chestnut-bellied Nuthatch, Blyth, 1842, (LC)
  • Buddhaspettmeis, Sitta neglecta, Burmese Nuthatch, Walden, 1870, (LC)
  • Spettmeis, Sitta europaea, Eurasian Nuthatch, Linné, 1758, (LC)
  • Gråbrystspettmeis, Sitta nagaensis, Chestnut-vented Nuthatch, Godwin-Austen, 1874, (LC)
  • Kashmirspettmeis, Sitta cashmirensis, Kashmir Nuthatch, Brooks, WE, 1871, (LC)
  • Kvithalespettmeis, Sitta himalayensis, White-tailed Nuthatch, Jardine & Selby, 1835, (LC)
  • Kvitbrynspettmeis, Sitta victoriae, White-browed Nuthatch, Rippon, 1904, (EN)
  • Rustspettmeis, Sitta canadensis, Red-breasted Nuthatch, Linné, 1766, (LC)
  • Kvitkinnspettmeis, Sitta leucopsis, White-cheeked Nuthatch, Gould, 1850, (LC)
  • Kanelbukspettmeis, Sitta przewalskii, Przevalski's Nuthatch, Berezowski & Bianchi, 1891, (LC)
  • Kvitbrystspettmeis, Sitta carolinensis, White-breasted Nuthatch, Latham, 1790, (LC)
  • Pygméspettmeis, Sitta pygmaea, Pygmy Nuthatch, Vigors, 1839, (LC)
  • Brunhettespettmeis, Sitta pusilla, Brown-headed Nuthatch, Latham, 1790, (LC)
  • Korsikaspettmeis, Sitta whiteheadi, Corsican Nuthatch, Sharpe, 1884, (VU)
  • Kabylspettmeis, Sitta ledanti, Algerian Nuthatch, Vielliard, 1976, (EN)
  • Tyrkarspettmeis, Sitta krueperi, Krüper's Nuthatch, Pelzeln, 1863, (LC)
  • Kinaspettmeis, Sitta villosa, Snowy-browed Nuthatch, Verreaux, J, 1865, (LC)
  • Yunnanspettmeis, Sitta yunnanensis, Yunnan Nuthatch, Ogilvie-Grant, 1900, (NT)
  • Klippespettmeis, Sitta neumayer, Western Rock Nuthatch, Michahelles, 1830, (LC)
  • Ravinespettmeis, Sitta tephronota, Eastern Rock Nuthatch, Sharpe, 1872, (LC)
  • Raudnebbspettmeis, Sitta frontalis, Velvet-fronted Nuthatch, Swainson, 1820, (LC)
  • Vietnamspettmeis, Sitta solangiae, Yellow-billed Nuthatch, Delacour & Jabouille, 1930, (NT)
  • Filippinarspettmeis, Sitta oenochlamys, Sulphur-billed Nuthatch, Sharpe, 1877, (LC)
  • Blåspettmeis, Sitta azurea, Blue Nuthatch, Lesson, R, 1830, (LC)
  • Kjempespettmeis, Sitta magna, Giant Nuthatch, Ramsay, RGW, 1876, (EN)
  • Praktspettmeis, Sitta formosa, Beautiful Nuthatch, Blyth, 1843, (VU)

Kjelder

Referansar
  1. Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7
  2. 2,0 2,1 Harrap, Simon, D.Quinn (1996). Tits, Nuthatches and Treecreepers. Christopher Helm. s. 16–17. ISBN 0-7136-3964-4.
  3. Hardling, Roger, H. Kallander, J-Å Nilsson (1997). «Memory for Hoarded Food: An Aviary Study of the European Nuthatch» (PDF). The Condor 99 (2): 526–529. JSTOR 1369961. doi:10.2307/1369961.
  4. Nilsson, Jan-Åke, H. K. O Persson (1993). «A prudent hoarder: effects of long-term hoarding in the European nuthatch, Sitta europaea». Behavioral Ecology 4 (4): 369–373. doi:10.1093/beheco/4.4.369.
  5. Manegold, Albrecht (2008). «Earliest fossil record of the Certhioidea (treecreepers and allies) from the early Miocene of Germany». Journal of Ornithology 149 (2): 223–228. doi:10.1007/s10336-007-0263-9.
  6. «Sitta». Species Search Results. BirdLife International. Henta 4. mai 2011.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 IUCN 2010
  8. Snow, David; Perrins, Christopher M (red) (1998). The Birds of the Western Palearctic (BWP) concise edition (2 volumes). Oxford: Oxford University Press. s. 1408–1410. ISBN 019854099X. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  9. Vaurie, Charles, W. Koelz (1950). «Notes on some Asiatic nuthatches and creepers» (PDF). American Museum novitates 1472: 1–39.
  10. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  11. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spettmeisfamilien
лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Spettmeisfamilien: Brief Summary ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Spettmeisfamilien (Sittidae) er ein familie av små sporvefuglar med forholdsvis stort hovud. Dei har rett, kraftig nebb, kort hale og korte bein. Fuglane er gode klatrarar.

Sittidae er ein familie med artar over heile Eurasia og Nord-Amerika. I Noreg hekkar berre arten spettmeis (Sitta europaea).

лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN