dcsimg
Image de Sardine Commune
Life » » Animaux » » Vertébrés » » Actinoptérygiens » » Clupeidae »

Sardine Commune

Sardina pilchardus (Walbaum 1792)

Sardin ( norvégien )

fourni par wikipedia NN


Sardina pilchardus.jpg

Systematikk Rekkje: Chordata Underrekkje: Vertebrata Klasse: Actinopterygii Orden: Clupeiformes Familie: Clupeidae Slekt: Sardina Art: S. pilchardus Vitskapleg namn Sardina pilchardus


Sardin er ein liten sildefisk som lever i store stimar ved europakysten nord til sørlege delar av Nordsjøen. Arten er særs viktig for fisket i Sør-Europa der det årleg vert fanga 300-400 000 tonn, hovudsakleg til hermetikk.

I norske farvatn finst sardinen sporadisk ved nordsjøkysten, men er ikkje vidare vanleg.

Kjenneteikn

Sardinen liknar mykje på sild, men har 3-5 beinstriper nedst på gjellelokket. Skjela er dessutan større og sit lausare fest til huda. Ryggen er grønaktig i motsetnad til blå som hjå silda, og rett bak gjellelokka har dei oftast ein mørk flekk.

Sardinar er små fisk som sjeldan vert større enn 20 centimeter.

Levesett

Sardinen er ein stimfisk som oftast er å finna høgt oppe i vassmassane. Dei trivst best på 25-55 meters djupn om dagen og noko grunnare om natta, men kan påtreffast heilt ned til 100 m. Som så mange andre sildefisk et ho hovudsakleg små planktonkreps, men òg fiskeegg og -larvar.

Sardinar ved kysten av Nord-Europa gyter to gonger i året, om våren og hausten. Hoene produserer 50 000-60 000 egg som dei slepp ut i dei frie vassmassane. Dei 4 millimeter lange larvane vert klekte etter om lag tre døger, og veks fort dei første par åra. Når fisken vert kjønnsmogen er han vanlegvis opp mot 20 centimeter.

Bestanden i Middelhavet kan gyta heile året.

Kjelder

  • Hamre, Johannes & Gjøsæter, Harald: «Sardin» i Norges dyr - fiskene 2 (Cappelen 1992)
  • FishBase
licence
cc-by-sa-3.0
droit d’auteur
Wikipedia authors and editors
original
visiter la source
site partenaire
wikipedia NN

Sardin: Brief Summary ( norvégien )

fourni par wikipedia NN


Sardin er ein liten sildefisk som lever i store stimar ved europakysten nord til sørlege delar av Nordsjøen. Arten er særs viktig for fisket i Sør-Europa der det årleg vert fanga 300-400 000 tonn, hovudsakleg til hermetikk.

I norske farvatn finst sardinen sporadisk ved nordsjøkysten, men er ikkje vidare vanleg.

licence
cc-by-sa-3.0
droit d’auteur
Wikipedia authors and editors
original
visiter la source
site partenaire
wikipedia NN

Sardin ( norvégien )

fourni par wikipedia NO

Sardin (Sardina pilchardus) er en sildefisk.

Sardin er et av verdens viktigste, kommersielle fiskeslag målt etter fangstmengde. I 2003 var verdensfangsten på 1 mill. tonn.

Eksterne lenker

iktyologistubbDenne iktyologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
licence
cc-by-sa-3.0
droit d’auteur
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visiter la source
site partenaire
wikipedia NO

Sardin: Brief Summary ( norvégien )

fourni par wikipedia NO

Sardin (Sardina pilchardus) er en sildefisk.

Sardin er et av verdens viktigste, kommersielle fiskeslag målt etter fangstmengde. I 2003 var verdensfangsten på 1 mill. tonn.

licence
cc-by-sa-3.0
droit d’auteur
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visiter la source
site partenaire
wikipedia NO