Geitsvingel (Festuca vivipara) er ei fleirårig plante i grasfamilien. Planta vert kring 2 dm høg og har trådsmale ihoprulla blad. Ho har granne rette strå og vivipar, svartfiolett topp. Inneragna kan ha snerpe. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Han finst i Nord- og Aust-Europa, austlege Russland og Sibir og i subarktiske område av Nord-Amerika.
Artsdatabanken reknar med at om lag 25-50 % av all geitsvingel i verda veks i Noreg. Geitsvingel veks i alle fjelltrakter i landet og har vore funnen opp til 2300 m på Galdhøpiggen. Han blomstrar kring juni månad på heiar til fjells og langs kysten i vest og nord.

Geitsvingel i Galicia.
Geitsvingel i Berlin botaniske hage.