dcsimg

Butare ( 挪威語 )

由wikipedia NN提供

Butare er ein brunalge som veks på eksponerte stader langs delar av norskekysten.

Utsjånad

Butaren kan verte fleire meter lang. Til skilnad frå sukkertaren som og har eit blad, er bladet tynt og har ei tydeleg midtribbe. Ofte splittar bladet seg på tvers inn til midtribba. Stilkpartiet nedst er fleirårig, men bladet er eittårig.

Utbreiing

Planta finst i Europa i Frankrike, dei britiske øyane, Nederland, Helgoland, Noreg og vestover på Færøyane, Island, Grønland, Labrador og sørover til Massachusetts. Butaren finst og i Alaska.

Bruk

Taren kan etast, både rå og kokt, og er brukt som mat langs nordlegaste delen av Atlanterhavet, spesielt på Grønland, Island, i Skottland og Irland.

Førekomst i Noreg

Her til lands finst butaren på Vestlandet og nordover til Nord-Noreg.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Alaria esculenta» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2012.
  • Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).
許可
cc-by-sa-3.0
版權
Wikipedia authors and editors
原始內容
參訪來源
合作夥伴網站
wikipedia NN

Butare: Brief Summary ( 挪威語 )

由wikipedia NN提供

Butare er ein brunalge som veks på eksponerte stader langs delar av norskekysten.

許可
cc-by-sa-3.0
版權
Wikipedia authors and editors
原始內容
參訪來源
合作夥伴網站
wikipedia NN