Middelhavsmunkesel (Monachus monachus) er ein av to nolevande artar i munkeselslekta (Monachus), som høyrer til selfamilien (Phocidae). Selen lever i Middelhavet og i nære strøk av Atlanterhavet utanfor Gibraltarsundet, sør til Krepsen sin vendekrins. Ifølgje IUCN si raudliste er arten sterkt truga av utrydding.[1] Totalbestanden tel truleg 600-700 individ.[1]
Historisk har middelhavsmunkesel levd i store delar av Middelhavet. I dag kjenner ein berre til populasjonar i Tyrkia, Kroatia, Kypros, Hellas, Portugal (Madeira), Mauritania og Vest-Sahara. Den største gruppa heldt til aust i Middelhavet, og omfattar rundt 350-450 individ. Den andre store undergruppa på rundt 220 individ held til ved Cabo Blanco i Atlanterhavet. Desse er dei einaste munkeselane som framleis lever i koloniar.[1]
Selen er kring 80 cm lang ved fødselen og kan bli opptil 2,4 m lang som vaksen. Hanndyr veg gjennomsnittleg 320 kg og hodyr 300 kg, med eit vanleg spenn på 240-400 kg.[1][2][3][4] Ein trur dei kan bli opptil 45 år gamle,[2] med ein gjennomsnittsalder på 20-25 år. Dyra blir kjønnsmogne når dei er rundt 4 år.
Svangre hoer bruker typisk utilgjengelege sjøholer til å føda i, men tidlegare skildringar fortel at dei pleide å føda på opne strender fram til 1700-talet. Selungane veg ca. 15–18 kg. Dei har mørkebrun eller svart pels med hår på 1–1,5 centimeter. På magen har selane ei kvit stripe som har ulike farge og form hjå dei to kjønna. Hjå hoer er stripa vanlegvis rektangelforma, medan hjå hannar er ho som regel sommarfuglforma.[5] Når ungane er 6-8 veker gamle blir håret deira erstatta av det korte håret til vaksne selar.[2] Middelhavsmunkeselar skal ha den kortaste pelsen til nokon sel. Pelsen er svart hjå hannar og brun eller mørkegrå hjå hoer. Magen er lysare, nær kvit hjå hannar.
Middelhavsmunkesel (Monachus monachus) er ein av to nolevande artar i munkeselslekta (Monachus), som høyrer til selfamilien (Phocidae). Selen lever i Middelhavet og i nære strøk av Atlanterhavet utanfor Gibraltarsundet, sør til Krepsen sin vendekrins. Ifølgje IUCN si raudliste er arten sterkt truga av utrydding. Totalbestanden tel truleg 600-700 individ.
Historisk har middelhavsmunkesel levd i store delar av Middelhavet. I dag kjenner ein berre til populasjonar i Tyrkia, Kroatia, Kypros, Hellas, Portugal (Madeira), Mauritania og Vest-Sahara. Den største gruppa heldt til aust i Middelhavet, og omfattar rundt 350-450 individ. Den andre store undergruppa på rundt 220 individ held til ved Cabo Blanco i Atlanterhavet. Desse er dei einaste munkeselane som framleis lever i koloniar.