dcsimg

Pitta ( Norwegian )

provided by wikipedia NN


Grønbrystpitta, Pitta reichenowi og Praktpitta, Pitta angolensis Foto: Illustrasjon Herbert Goodchild, 1903, Public domain
Grønbrystpitta, Pitta reichenowi og
Praktpitta, Pitta angolensis
Foto: Illustrasjon Herbert Goodchild, 1903, Public domain
Systematikk Rike: Animalia Rekkje: Chordata Klasse: Aves Orden: Passeriformes Familie: Pittidae Slekt: Pitta Vitskapleg namn Pitta

Pitta er ei biologisk slekt av fuglar i familien Pittidae som lever i eit belte frå Afrika gjennom India, søraustlege Asia, Ny-Guinea og til Australia. Dette er sky, fargerike fuglar som beitar på skogbotnen. Dei er langbeinte og korthala med avrunda venger.[1] Begge foreldra tar del i reirbygging, ruging og oppseding av ungane.[2] Rugetida er rundt 17 dagar, og ungane er nakne og hjelpelause ved klekking.[2]

Ei gruppe av ca. 50 artar neotropiske fuglar, maurpittaer, liknar pittaer med sin hoppande gangart, åtferd i løynd, med lange bein og korte halar.

Artslista

 src=
Båvengpitta, Pitta moluccensis,
Foto: JJ Harrison

Slekta Pitta inneheld 14 artar, fordelt frå Afrika til Australia, gjennom sørlege, austlege og søraustlege Asia, Ny-Guinea, og Salomonøyene. Dette var tidlegare den einaste slekta i familien, som då innehelt 31 artar.[1] Men etter ein studie frå 2006 blei to andre slekter, Erythropitta og Hydrornis, skilde ut, sjølv om alle medlemmer av familien heldt fram å vere kjente som pittaer.[3]

Slekta Pitta i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]

  • Praktpitta, Pitta angolensis, African Pitta, LC, Vieillot, 1816
  • Grønbrystpitta, Pitta reichenowi, Green-breasted Pitta, LC, Madarász, 1901
  • Indiapitta, Pitta brachyura, Indian Pitta, LC, Linné, 1766
  • Båvengpitta, Pitta moluccensis, Blue-winged Pitta, LC, Müller, 1776
  • Nymfepitta, Pitta nympha, Fairy Pitta, VU, Temminck & Schlegel, 1850
  • Hettepitta, Pitta sordida, Hooded Pitta, LC, Müller, 1776
  • Asurpitta, Pitta steerii, Azure-breasted Pitta, VU, Sharpe, 1876
  • Palettpitta, Pitta versicolor, Noisy Pitta, LC, Swainson, 1825
  • Kvitbrystpitta, Pitta maxima, Ivory-breasted Pitta, LC, Müller & Schlegel, 1845
  • Elegantpitta, Pitta elegans, Elegant Pitta, LC, Temminck, 1836
  • Salomonpitta, Pitta anerythra, Black-faced Pitta, VU, Rothschild, 1901
  • Mangrovepitta, Pitta megarhyncha, Mangrove Pitta, NT, Schlegel, 1863
  • Satengpitta, Pitta superba, Superb Pitta, EN, Rothschild & Hartart, 1914
  • Irispitta, Pitta iris, Rainbow Pitta, LC, Gould, 1842

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 Zimmerman, Dale A.; et al. (1999). Birds of Kenya and Northern Tanzania. Princeton University Press. s. 495. ISBN 0691010226. CS1 maint: Explicit use of et al. (link)
  2. 2,0 2,1 Tarboton, Warwick (2001). A Guide to the Nests and Eggs of Southern African Birds. Cape Town: Struik. s. 141. ISBN 1-86872-616-9.
  3. Irestedt, M., Ohlson, J. I., Zuccon, D., Källersjö, M. & Ericson, P. G. P. (2006). «Nuclear DNA from old collections of avian study skins reveals the evolutionary history of the Old World suboscines (Aves: Passeriformes)» (PDF). Zoologica Scripta 35: 567–580. doi:10.1111/j.1463-6409.2006.00249.x. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  4. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.9 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 20. oktober 2014
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pitta
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Pitta: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Pitta er ei biologisk slekt av fuglar i familien Pittidae som lever i eit belte frå Afrika gjennom India, søraustlege Asia, Ny-Guinea og til Australia. Dette er sky, fargerike fuglar som beitar på skogbotnen. Dei er langbeinte og korthala med avrunda venger. Begge foreldra tar del i reirbygging, ruging og oppseding av ungane. Rugetida er rundt 17 dagar, og ungane er nakne og hjelpelause ved klekking.

Ei gruppe av ca. 50 artar neotropiske fuglar, maurpittaer, liknar pittaer med sin hoppande gangart, åtferd i løynd, med lange bein og korte halar.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN