dcsimg

Niaugo ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Niaugo er ei gruppe kjevelause fiskar som vert kjenneteikna av manglande kjevar og sju karakteristiske gjelleopningar på kvar side. På verdsbasis er det registrert om lag 40 artar, i Noreg finst 4 av dei.

Skildring

Niaugo er små fiskar som liknar ålar ved å ha runde, avlange kroppar utan andre finnar enn på ryggen og halen. Dei største artane vert nesten halvannan meter lange, medan dei minste er ein tiandedel så store. Niauga skil seg frå slimålen ved dei sju gjelleopningane det har på kvar side av kroppen. Desse har gjeve opphav til namnet, sidan dei saman med nasebora og augo gjev dyret ni laterale kroppsopningar («augo») på kvar side.

Utbreiing

Niauga trivst best i kaldt eller temperert vatn, og finst praktisk talt ikkje i tropane. Det er særleg larvane som er vare overfor høge temperaturar, sidan dei døyr om det vert særleg varmare enn 28-30 gradar celcius. Derimot er dei ganske hardføre i høve til saltinnhald; ein treffer på niaugo overalt frå ferskvatn til det særs salte Kaspihavet. Nokre artar er anadrome (vandrar mellom ferskvatn og saltvatn) og andre er stasjonære i ferskvatn.

I Noreg finst fire artar niauga, som alle høyrer til i niaugefamilien Petromyzontidae: Havniauge, bekkeniauge, elveniauge og arktisk niauge.

Formeiring

Niaugo gyt i ferskvatn på stader med stabil oksygentilstrøyming. Talet på egg ligg mellom 1000 og 300000 avhengig av art, og dei fleste legg dei i eigne gytegroper. Alle dei vaksne individa døyr kort tid etter gytinga.

Kjelder

  • Norges dyr, Cappelen 1992
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Niaugo: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Niaugo er ei gruppe kjevelause fiskar som vert kjenneteikna av manglande kjevar og sju karakteristiske gjelleopningar på kvar side. På verdsbasis er det registrert om lag 40 artar, i Noreg finst 4 av dei.

 src= Elveniauga
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN