Mulgatrastfamilien, Psophodidae, er eit takson av sporvefuglar med fem artar som har utbreiing avgrensa til Australia og vestre Ny-Guinea.
Etter Clementslista frå 2019[1] tar familien Psophodidae med slekta Androphobus med ein art og slekta Psophodes med fire artar.
Medlemmene i mulgatrastfamilien er 19-31 cm lange. Dei er hovudsaklege olivengrøne eller brune i fargene og har fjørtopp.[2] Dei førekjem i ei rekkje habitat frå regnskog til tørt kratt.[2]
Psophodidae i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.14 frå august 2019[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Slekt Androphobus
Slekt Psophodes
Mulgatrastfamilien, Psophodidae, er eit takson av sporvefuglar med fem artar som har utbreiing avgrensa til Australia og vestre Ny-Guinea.
Etter Clementslista frå 2019 tar familien Psophodidae med slekta Androphobus med ein art og slekta Psophodes med fire artar.
Medlemmene i mulgatrastfamilien er 19-31 cm lange. Dei er hovudsaklege olivengrøne eller brune i fargene og har fjørtopp. Dei førekjem i ei rekkje habitat frå regnskog til tørt kratt.